foss i fjordlandskap
© Skattkammeret Suldal. Foto: vandrefilm
mann mellom fjellsider
© Suldal kommune

Oppdag Suldal langs Discovery Route – stopp for gane og sjel

Suldal ligg heilt nordaust i Rogaland, og er ein del av den historiske ruta mellom Stavanger og Bergen – Discovery Route – som i generasjonar har ført reisande gjennom landskap prega av både natur, kultur og historie. Her ventar ei reise som ikkje berre gjer inntrykk med storslåtte fjell og fjordar, men som også tek deg med på ei oppdagingsferd for smaksløkane. Frå tradisjonelle gardsutsal til urbane kaffibarar og vingardar ved fjorden: Kvar munnfull er eit møte med lokal stoltheit og levande historie. Bli med og utforsk 10 smakfulle stopp som gjer sommarturen til noko heilt spesielt – velkommen til Suldal!

1. Hebnes Vingard og Storstova Gard – smaksopplevingar med røter tilbake til vikingtida

Ytst på Ropeidhalvøya ligg Hebnes Vingard, Rogaland sin første vingard. Her kan du bli med på omsyning i vinmarka og smaka lokaledråpar medan du lærer om historia og landskapet rundt. Like ved ligg også Storstova Gard, med sitt døgnopne gardsutsal fylt av kortreiste råvarer som syltetøy, sylta grønsaker og tradisjonelle delikatesser. Visste du at området også har rike spor frå vikingtida, og var heimplassen til Ryfylke sin største vikinghøvding? Ta gjerne turen innom Joker Vatlandsvåg for å nyte livet i båthamna og kjøpe med deg lokale produkt på veg heim.

2. Den historiske strandstaden Jelsa – mat- og kulturarv

Jelsa er ei av dei best bevarte strandstadene i Ryfylke, og perfekt for ein kombinasjon av kultur og smakar. Utforsk det rikt utsmykka Jelsa kyrkje og skulemuseet, eller sjekk inn på Jelsa Hotell for overnatting ved fjorden. Nyt søte bær frå Jelsa Jordbær, epleprodukt frå Fuglestein Fruktgard og aktivitetar på Aktiv Fuglestein. Her får du ei levande historieformidling saman med lokale matskattar.

3. Sand –laksens historie og urbane smakar

Sand er Suldal sitt kommunesenter, og ein strandstad med ei rik historie. Besøk museumsutstillingane til Ryfylkemuseet i Nesasjøhuset og lær meir om laksen si viktige rolle i Suldalslågen på Laksestudio. Kombiner kultur og historie med moderne smaksopplevingar på Drøs Kaffi og Matbar,  smaksfulle lunsj- og middagsrettar hjå Ryfylke Fjordhotell, kjøp med deg lokale produkt frå Hanakamneset Gard, eller opplev villmarkscamp og bryggeri på Mo Laksegard.

 

4. Innover Hylsfjorden – Mellom fjord og fjell

Ta turen innover Hylsfjorden – med båt eller bil. Her kan du besøke Fattnes Vestre på vestsida, der du kan vere med på baking og smake på ekte helgebakst, eller ta turen til det historiske Litunet (Ryfylkemuseet) som ligg 300 bratte meter oppe i fjellveggen på austsida – med utsikt over fjorden og spennande historie om livet i gamle dagar. Det går bilveg, men bruk kart og planlegg turen!

 

5. Hylsstranda og Hylsskaret – Sagnet om Sølvkannestranda

Heilt inst i Hylsfjorden ligg Hylsstranda, som i si tid vart kalla Sølvkannestranda på grunn av rikdommen frå handelsverksemda mellom aust og vest. I dag er Hylen heim til ein av kraftstasjonane i Ulla-Førre-anlegget, som på 1980-talet var Nord-Europas største kraftutbygging. Turen kan kombinerast med ein guida tur over det mytiske Hylsskaret – ei ferdselsåre med mange segner om huldrer og underjordiske – og avsluttast med eit besøk hjå Suldalshonning for å smake ekte honning frå fjell og fjord.

6. Langs Suldalsvatnet – Historie og matskattar

Suldalsvatnet har vore ferdselsveg i hundrevis av år, og idag kan du følgje bilvegen langs vatnet. Stopp ved Børkjenes Gard, ein av deieldste gardane i Suldal med over 40 bygg og spennande historie – der dei tilbyromsyning på bestilling. Vidare kan du besøke Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet), ein av storgardane i Suldal frå 1800-talet, og ta turen opp til husmannsplassen på Røynevarden.

7. Nesflaten – Kraftbygda med design og smakar

Nesflaten er ei bygd prega av kraftutbygging, og ein stad der modernisme møter natur. Her finn du ei av dei beste samlingane av funksjonalistisk design i landet. Nyt ein middag på Energihotellet, som kombinerer lokale råvarer med arkitektoniske opplevingar – og legg ut på vandring, fisketur eller sykkel i nærområdet.

No items found.

Tilknytta Skattar

Mat & overnatting

Bønder på trappa

Fattnes Vestre

Fattnes Vestre ligg på ei landtunge mellom Hylsfjorden og Saudafjorden. Her driv dei med bakeri, skog, sagbruk, ammekyr og fjellbeitende sauer.

Energihotellet

Energihotellet, Nesflaten

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

Fleire Bli inspirert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.