Kvite bygg ved fjord
Sand © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Sand
Blomsterhandel © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Strandstaden Sand

Ein rusletur gjennom Strandstaden Sand er ei flott oppleving. Langs fjorden finn du ei rekke kvite murhus blant vennlege butikkar og kafear. I gåavstand til sentrum finn du også flotte opplevingar som Laksestudio, Kulturhuset i Suldal, kunstgalleri, Neset badestrand og Ryfylkemuseet. Om sommaren ligg den gamle jekta Brødrene af Sand til kai ved Ryfylkemuseet i Nordenden, når den ikkje er ute på reise. Sand er også området der den 22 km lange Suldalslågen renn ut i fjorden.

Strandstaden Sand er kommunesenteret i Suldal. Tidlegare var bygda eit naturleg handelssenter for Ryfylkeregionen då staden var knutepunktet mellom Saudafjorden, Hylsfjorden, Lovrafjorden og Sandsfjorden. Ein kan finna spor frå busetjingar på Sand tilbake på 1700-talet, men handelssentrumet blomstra på 1800-talet mykje takka vera båtbyggarindustrien. Frå 1890-talet og utover blei også turisme ei viktig inntektskjelde då bygda blei ein viktig stopp for ei av dei mest populære turistrutene i landet. Store passasjerskip kom innover fjorden der turistane fekk gå i land på Sand før dei reiste med hest og kjerre oppover dalen til Suldalsosen,  dei tok Suldalsdampen over Suldalsvatnet før dei fortsette oppover Brattlandsdalen mot Røldal. Her kunne dei fortsette reisa mot fjordbygda Odda der dei kunne halde fram reisa til havs.

I dag er Sand ei idyllisk grend og eit levande kommunesenter for Suldal kommune. Tett på Sandsfjorden og Suldalslågen finn du ei rekke ulike butikkar som sportsbutikk, klesbutikk, gåvebutikk, bokhandlar, møbelforretning, blomsterbutikk og meir. Ein har også daglegvarebutikkar, verkstad, bensinstasjon og vinmonopol. Kommunesenteret har også fleire koselege kafear som tilbyr uteservering i sommarsesongen. Utvalgte dagar kan du også oppleve torgutsal ved Sand torg. Kjernetid for Sand sentrum er 9:00-1600 måndag-fredag (torsdag langope til 18:00). Laurdag held ein ope 10:00-15:00. Siste nytt frå kommunesenteret finn du på Facebook @SandiSuldal.

I kommunesenteret finn du også fleire klatreparkar der ungane kan leike seg medan dei vaksne handlar. Ein har også ei eiga badestrand med flytebrygge og sitteområde ved Neset i Nordenden. Du finn også museet Nesasjøhuset og Kulturhuset i Suldal i sentrum.

I kort gåavstand frå sentrum finn ein badelandet Suldal Bad, Sandsfossen, Noregs første laksestudio og ei rekke flotte turområde. Frå Hellandsnuten får du utsikt over fem fjordar, medan du frå Fiskebergåsen får utsikt over heile Sand. Ved å ta den kulturhistoriske ruta "Sand safari" vil ein læra meir om strandstaden på 18- og 1900 talet.

Kommunesenteret har også to hotell. Du finn også flotte hyttetun ein kort køyretur frå sentrum.

Godt tilrettelagt: Strandstaden Sand og Garaneset har i hovudsak breie, asfalterte område og er framkomleg. Fleire av butikkane er lett tilgjengelege, utan større trinn eller hindringar. Klatreparkane er utforma basert på prinsipp for universell utforming. Kaiområde er også lett tilgjengeleg. Sjå turkart for Sand for tilrettelagte turruter.

 

 

Strandstaden Sand
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);