Kommunesenteret Sand er ein idyllisk strandstad med ei rekkje kvite trehus langs fjordkanten til ei av dei historisk viktige transportårene i regionen: Sandsfjorden. Her finn ein ei rekkje flotte butikkar der du kan sikra deg klede, sko, interiør, gåver, ferske grønsaker og mykje meir. Ein kan også nyte eit godt måltid eller ein rykande fersk bakst med kaffi frå dei mange kafeane i sentrum.
Ein finn apotek, legesenter, kommunehus, museum, kulturhus, badeland, turistinformasjon (sommarsesong) og laksestudio (sommarsesong) i gå-avstand frå sentrum. På torget arrangerer ein ei rekkje kjekke aktivitetar for heile familien og har torgutsal med lokale produkt fleire gonger i månaden. Industriområdet Garaneset husar ein næringspark der ein kan finna butikkar i 1. etasje med bokhandel, elektrobutikk, møblar, kafe og verktøy. Ein har også bensinstasjon med hurtigladar for el-bil og andre servicebutikkar like ved. Utanom sommarsesongen finn ein også turistinformasjonen i andre etasje her, ved "Næringshagen i Ryfylke" sine kontorlokale.
Sommardagar arrangerer ein større arrangement som Ryfylkedagane. Vintertid kan ein delta på julemarknad og julegateopning. Informasjon om aktivitetar og arrangement finn du i arrangementkalenderen her på Visit Suldal.
Via Facebook-gruppa "Sand i Suldal" og nettsida deira Handel Sand får du informasjon om det som skjer.

Utover heile kommunen finn ein ei rekkje gode matopplevingar som me kallar «Matskattar frå Suldal». Dei tilbyr sal av råvarer og måltid knytt til lokale matopplevingar både i gardsutsal, serveringsstadene og hotella i Suldal. Det kan vere trerettars middag med lokalmat og drikke og overnatting i naturskjønne Suldal. Her kan du få heimelaga middag til fersk fjelluft og plukke lokale råvarer direkte hjå produsenten og bonden.
Lesmeir under «Mat & Overnatting».
Attraksjonane står i kø i Suldal, alt frå toppturar som Hellandsnuten, Nipe og Grytenuten til kultur- og vandreturar i nærområda i kommunesenteret og grendene. Du finn også badestrender, leike område for born, badeland, kino og bowling, for å nemne noko.
Les meir under «Skattar»
Me er stolte av å ha fantastiske daglegvarebutikkar i nærast alle grendene våre. Ved Joker Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya kan ein sikra seg det ein treng av daglegvarer, men dei har også båthamn, utleige av båt og el-sykkel, toalett og meir. Lokalbutikken er også den beste staden å hente informasjon om grenda og det som er å oppleva her.
I Sand sentrum og på Garaneset finn ein både bensinstasjon, verkstad og andre næringar som tilbyr tenestekjøp. Ein har også drivstoff og el-billading i dei ulike grendene i Suldal. Bubilparkering finn ein på offentlege stader som oftast er knytt til daglegvarebutikken i grendene. I Sand finn ein 8 plassar på Neset i Nordenden som har straum og er knytt til offentleg toalett.

Opplev ekte smakar på Kulp Bistro, Sand: Nyt lokale delikatessar, heimelaga middag, og kanskje kan det freista med ein burgar? Perfekt for familie og venner.

Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!

Flott daglegvare midt i hovudgata av Sand sentrum. Butikken tilbyr også ulike ferskvarer og lokale varer.