Bilde av Høsebrua
Blåklokke © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Bilde av Høsebrua
Høsebrua © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen

Høsebrua

Høsebrua er eit av stoppa på Nasjonal Turistveg Ryfylke, og ligg like ved Sandsfossen i starten av Suldalslågen på Sand. Å gå over brua er ei sterk oppleving sidan ein både ser og høyrer den mektige elva bruse under beina. Om vinteren lyser brua opp vatnet på majestetisk vis.

Brua er bygga i stål og er 29 meter brei, og veg 23 tonn. Den er teikna av Rintala Eggertsson Architects, og har ein konstruksjon med opne og lukka parti som gir ei veldig spanande oppleving over Suldalslågen og Sandsfossen. Brua vann pris som "Bridge of the Year" i 2014.

Det ligg eit flott turområde i åssida bak Høsebrua, og ein tur til brua kan kombinerast med ein lett vandretur langs elva eller ein meir krevjande tur høgare opp i Fiskebergåsen. Her kjem du til flotte utkikkspunkt over Sand sentrum. Oversikt over turmoglegheiter finn du under "Vandring" i turkartet for Sand.

Godt tilgjengeleg: Det er parkeringsplassar omlag 100 meter frå Høsebrua. Brua er godt tilgjengeleg for dei som nyttar framkomstmiddel som rullestol og barnevogn, der ein også kan ta seg inn på sjølve brua. Det er også lagt brei grusveg langs elva på andre sida av elva. Nokre parti har nokre meter stigning.

Høsebrua
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(false);