Ambisjonen for Drøs er å skape ein møteplass for døgnets og årets ulike rytme. Dei ønskjer å skape ein kafe som møter ulike behov for ulike menneske, som er fleksibelt og fleirfunksjonelt. Her skal det urbane møte det rurale, der du får noko som er tvers gjennom suldølsk, men på ein frisk og ny måte. Drøs er for både ungdommen. og for bygdeoriginalen. Drøs skal vera kultur og kontor, kaffe og bakst, pizza og vin. De tilbyr også. leige av selskapslokale og catering.
I andre etasjen på bygget har Drøs lagt opp til sitt eige opp kaffebrenneri der målet er å ta med barista-kaffe kulturen til Gata med produksjon av kaffe, lagring og distribusjon. Vidare har dei også eit mikrobakeri med mellom anna håndverksbakst, søtbakst, heimelaga pasta og pizza.
Drøs er et omstillingsprosjekt der dei ønskjer å vera ei viktig drivkraft i sentrum - og destinasjonsutviklinga. Dei meiner at konseptet skal vera ei satsing å sjå til når det kjem til kreativ utvikling, der dei har fokus på miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Her har dei tatt aktive val gjennom heile prosessen, der dei mellom anna har gått for arkitektoniske og miljøvennlige interiørløysingar med stolar laga av kaffegrut, ølmersk og plast frå havet og resirkulert. Dei har også kjøpt «Minus»-stolar frå det lokale selskapet Nuen med nullutslepp.