Hylsfjorden

Fjell
Foss/elv

Hylsfjorden er ein fjordarm av Sandsfjorden. Mellom høge fjell finn ein det som kansje er den best bevarte perla i fjordriket Ryfylke, med små grender, flotte badeplassar og gode fiskemoglegheiter.

Hylsfjorden har ei rik historie, og tilbake på 1800-talet danna Hylsfjorden og Hylen ei viktig ferdselsåre mellom aust- og vest- Noreg. Rikdommen som då utvikla seg i Hylen har gjort at stranda her er kjend som "Sølvkannestranda" den dag i dag.

Langs fjorden finn ein den ikoniske Lingvongfossen. Ein storslagen foss som blei regulert som ein del av ei vasskraftutbygging. Ein kan også besøke badeplassen Sandvikjå i Vanvik der ein finn flytebrygge, sitjeplassar og sandvolleyballbane. Under "Vandring" finn ein også Vanvik sitt eige turkart. Museumsanlegget under Ryfykemuseet, Litunet, ligg også og skuar utover Hylsfjorden. Frå Hylen kan ein ta turen opp til Hylsskardet, slik handelsmenne gjorde på 1800-talet. Her får ein flott utsikt over fjorden.

Ein kan leige kano og båt for å legge ut på Hylsfjorden. I sommarsesongen arrangerer Ryfylke Basecamp "RIB turar" og Helgøy Skyssbåt "Hylsfjordcruise" her. Ta kontakt for gruppebestillingar utanom sesong.

Hylsfjorden
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(true);