Visste du at kvar enkelt bikube har ei heilt særeigen smak? Bikubene til Suldalshonning er plassert utover heile kommunen der ein hentar næring frå eit mangfald av ulike vekster som gir den lune smaken til Suldalshonning.
Garden til Suldalshonning ligg idyllisk til i Våge med fantastisk utsikt over Suldalsvatnet. Her får ein bli med inn i produksjonslokala deira og læra meir om birøkting, ein heilt unik prosess som få kjenner til! Omsyninga eignar seg like godt for born som vaksne, og eit besøk tek omlag 1,5 timar. Følg med på Suldalshonning.no for opne besøksdagar. Dei tek også i mot grupper på bestilling.
Suldalshonning sine produkt blir tatt i bruk av fleire kafear og restaurantar i kommunen, og ein finn dei også på ei rekke ulike utsalsstader. Sjekk ut nettsida deira for meir informasjon.