To bønder som held høner
Urteposar
Storstova gard © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Storstova gard © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
To bønder som held høner
Storstova gard © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Storstova Gard

Serveringsstad
Storstova gard ligg i fjordriket Hebnes, på Ropeidhalvøya. Frå gardsutsalet deira har dei eit breitt utval av kortreiste, lokale råvarer som kjøt, egg og andre spesialitetar.

Lidenskap for dyra

Øyvind Hebnes og Mette Vatland driv Storstova Gard som ligg på Ropeidhalvøya, omkransa av fjordar heilt nordvest i Suldal kommune. Her held dei storfe og 7500 verpehøns. Ekteparet har ein stor lidenskap for gardsdrift og å sikre gode levevilkår for dyra der dei er tett på alle prosessane.

Gardsutsal

Storstova Gard har sin eigen gardsbutikk like ved garden som alltid held ope. I butikken får ein alt ein treng av kortreiste, lokale råvarer til kvardags, helg og høgtid. Her kan du velje mellom egg, smakstilsatt salt med grønsak og rognebær og storfekjøt i form av stykningsdeler, kjøttdeig, hamburger, kjøttkaker og meir. Gjennom året kan du også finne ulike skatter som sylta rødbeter og syltetøy, alt etter kva dei tilbyr den sesongen.

Storstova Gard

Storstova Gard
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.