Frå:
29/2/2024
12:00 pm
Sand
Til:
29/2/2024
1:00 pm
Nils-Petter Aaland
Nils-Petter Aaland

Barneteater: Eventyret om pannekaka

I denne versjonen av eventyret om pannekaka føregår alt på rampete rim, og vert framført som fysisk fortellarteater.

Barneteater i vinterferien: Eventyret om pannekaka er ei omsetjing av eit eventyr av Asbjørnsen og Moe. I denne versjonen føregår alt på rampete rim, og vert framført som fysisk fortellarteater.
Møt Kone Krone, Gamlefar, Sju Skrikarungar, Mann Brann, Høne Pøne, Hane Pane, Ande Vande, Gåse Våse, Gasse Vasse og Gylte Grisesylte der dei alle prøver å ta kål på Pannekaka!

«Med munnharpe og gitar som einaste hjelpemiddel, framførte Peder Opstad frå Teater Grimsborken sin morosame og fine framsyning.
Heile framsyninga føregjekk på rampete rim. Med Peder sitt spel levande gummiansikt og andre rare fakter, vart dette ei fornøyeleg oppleving for liten og stor.» (Ringerike bibliotek)
«Stor takk til Peder Opstad frå Teater Grimsborken. Han spelte munnharpe og gitar, og framførte "Eventyret om Pannekaka" på rampete rim. Fysisk forteljarteater på sitt beste!» (Nord-Fron bibliotek)
---
Pris: 100,-/100,-
---
Teater Grimsborken vart starta av Peder Opstad i 1998. Teateret sin mest aktive periode har vore mellom 2002 og 2016, der dei produserte 21 framsyningar, som vart spelt over 4000 gonger for over 360.000 barn, unge og vaksne over det ganske land. Heile 32 skodespelarar har i nemnde periode vore engasjert på kortare eller lengre engasjement. Dei har hatt 3 co-produksjonar: Helt på tuppa! (med Sogn og Fjordane Teater), Vesleblakken (i 2012 med Teater Innlandet) og Eit juleeventyr (i 2016 med Teater Innlandet) I 2011 vann Teater Grimsborken «Elevanes favoritt» for framsyninga Bjørnson unplugged, som forresten er deira mestspelende produksjon (rundt 740).
---
Peder Opstad har også jobba som skodespelar, kunstnarisk rådgivar og dramaturg ved Akershus Teater. Etter ein lengre periode med andre prosjekt tek Peder opp att Teater Grimsborken sine kjende og kjære framsyningar for barn frå hausten 2021. Vesleblakken, Geitekillingen som kunne telje til ti og Eventyret om pannekaka har vore spelt for massevis av barn fram til 2016. No vert det endeleg mogleg for nye teaterglade små å sjå desse att!

Stad:
Sand
/
Kulturhuset, Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
29/2/2024
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
29/2/2024
, klokka
February
Prisar:
100,-
Arrangementet starter:
29/2/2024
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
29/2/2024
, klokka
1:00 pm
Type arrangement:
Førestilling
Passar for:
Barn/familie
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Anne Mo
Telefon:
52792284
E-post:
anne.mo@suldal.kommune.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.