Trehus og trang gate
Nordenden © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Menneske som testar matprøvar
Handel © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Handel i Suldal

I Suldal er me stolte av å kunne tilby eit godt og variert næringsliv med ei rekkje flotte butikkar, kafear, daglegvarebutikkar og andre servicetilbod fordelt mellom alle våre livlege grender. Handelssentrum ligg i kommunesenteret Sand.

Kommunesenteret Sand

Kommunesenteret Sand er ein idyllisk strandstad med ei rekkje kvite trehus langs fjordkanten til ei av dei historisk viktige transportårene i regionen: Sandsfjorden. Her finn ein ei rekkje flotte butikkar der du kan sikra deg klede, sko, sportsutstyr, gåver, ferske grønsaker og mykje meir. Ein kan også nyte dagens middag eller ein rykande fersk kaffi frå dei mange kafeane i sentrum.

Ein finn apotek, legesenter, kommunehus, kvit sandstrand, museum, kulturhus, turistinformasjon (sommarsesong) og laksestudio (sommarsesong) i gå-avstand frå sentrum. På torget arrangerer ein ei rekkje kjekke aktivitetar for heile familien og har torgutsal med lokale produkt fleire gonger i månaden. I

ndustriområdet Garaneset husar ein næringspark der ein kan finna bokhandel, IT-butikk, kafe og verktøy. Ein har også bensinstasjon og andre servicebutikkar like ved. Utanom sommarsesongen finn ein også turistinformasjonen i andre etasje her, ved "Næringshagen i Ryfylke" sine kontorlokale.

Sommardagar arrangerer ein større arrangement som Ryfylkedagane og Jordbærfestival, og heile veka samlast folk for is, kaffi og noko å bite i på torget og for å utforske butikkane. Vintertid kan ein delta på julemarknad og julegateopning. Informasjon om aktivitetar og arrangement finn du i arrangementkalenderen her på Visit Suldal.

Via Facebook-gruppa "SandiSuldal" og nettsida deira Handel Sand får du informasjon om det som skjer.

Andre gode mattilbod

Utover heile kommunen finn ein ei rekkje gode matopplevingar knytt til våre hyttetun og hotell. Her kan ein nyte trerettars på designhotell, lokalmat på laksegard, heimelaga middag til fersk fjelluft og mykje meir. Les meir under «Mat & Overnatting».

Tilbod i grendene

Me er stolte av å ha fantastiske daglegvarebutikkar i nærast alle grendene våre. Ved Joker Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya kan kan sikra seg det ein treng av daglegvarer, men dei har også båthamn, bensinbumbe, utleige av båt og e-sykkel, toalett og meir. Lokalbutikken er også den beste staden å hente informasjon om grenda og det som er å oppleva her.

Bensinstasjon og verkstad

I Sand sentrum og på Garaneset finn ein både bensinstasjon og verkstad. Ein har også bensinpumper i dei ulike grendene i Suldal. Desse er som oftast knytt til daglegvarebutikken.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.