Suldalsbussen og Reiseteam har arrangert hundrevis av reiser for privatpersonar, firma, lag og organisasjonar med buss som utgangspunkt. I samtale med deg er dei med på å tilrettelegge det du treng av overnatting, mat og opplevingar. Treng du fly- eller båtbillettar kan dei også vera til hjelp her.
Anten du treng ein komfortabel minibuss eller meir eksklusiv turbuss så har Suldalsbussen eit godt alternativ for deg.
Gjennom året arrangerer Suldalsbussen ei rekke ulike pakkereiser der transport, mat, opplevingar og overnattting er inkludert. Desse pakkereisene kan du lese meir om på deira nettsider suldalsbussen.no og reiseteam.no