På Gullingen finn du ei rekkje flotte skiløyper for alle aldrar og ønskje. Frå parkeringa i Breiastøldalen, Mosvatnet og Hedlebrekk/Fjellbergskardet finn du flotte løypenettverk. For dei som ønskjer fantastisk utsikt kan ein ta seg opp til Reinsnuten eller Natlandsnuten. Snønuten er for ekspertane, men gir til gjengjeld ei utsikt ein seint vil gløyma. Ved Mosvatnet og Fjellbergskardet har ein også lysløype for dei som også ønskjer seg ut i skisporet etter at sola har gått ned. Følg Loypekjoraren på Facebook for siste nytt frå skiløypene på Gullingen.
Suldal sitt eige folkebad, Suldal Bad, byr på symjebasseng, terapibad, klatrevegg, sklie, hoppetårn, badstue og utandørs boblebad, alt med fantastisk utsikt over fjordlandskapet. Ein kan også leiga seg ein vedfyrt stamp for kvelden der ein får utsikt over Suldalslågen eller Sudalsvatnet.
I Suldal kan du velja blant ei rekkje gode kafear og restaurantar der lokale tradisjonar står sterkt. Få med deg komletorsdag i kommunesenteret, prøv Suldal sin heilt eigen kaffi «Suldalsskvetten», nyt ein fire-rettars middag på designhotell, bli med på guida tur i gardsbryggeri eller ta middagen med panoramautsikt over Sandsfjorden. Oversikt over matopplevingar i Suldal finn du her.
Gjennom heile året tilbyr Kulturhuset i Suldal ei rekkje gode konsertar og framsyningar for alle aldrar. Programmet finn du i arrangementskalenderen vår her eller på suldal.kulturhus.no.
Ta med deg familien for ein dag i skitrekket på Gullingen. Skitrekket er 800 meter og har tre nedfartar. Det er eigen barneskiheis. I botn av skitrekket finn du varmestova der ein kan kjøpe mat og drikke.
Kommunesenteret Sand ligg tett på Sandsfjorden med ulike nisjebutikkar, kafear og museum. Her finst deg også klatrepark for dei yngre. Utvalde dagar har dei torgutsal. Følg med på SandiSuldal på Facebook for meir informasjon.
Kvar vintersesong blir det lagt til rette for skileik med kulekjøring, alpin, hopp og mykje meir i Breiastøldalen og ved Gullingen turistsenter. Her kan heile familien utfordra seg på ulike skikunster!
Frå kvar enkelt grend i Suldal får du flotte naturopplevingar tett på fjord, fjell, vatn og elv. Frå Ropeidhalvøya kan du ta inn fjordlandskapet frå Grytenuten, på Suldalsosen kan du vandra langs Suldalslågen og i Erfjord kan du ta ein rusletur i fjordkanten. Du får tak i turkart for alle grendene ved utvalde butikkar og på Suldal turistkontor.
Kulturhuset i Suldal tilbyr kino med dei nyaste filmane fleire dagar i veka. I tillegg har dei eigen bowlingbane med tre banar.
I Suldal kan du velje på øvste hylle blant flotte overnattingsstader, frå designhotell i fjellbygd til laksegard og tradisjonsrike hytter ved vatn, elv og fjord. Full oversikt over våre hytter og hotell finn du her.