Born som leikar på vassbasseng
Ryfylkedagane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
To i elva på laksefiske
Laksegiske © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

For dei minste

Det er ikkje langt mellom dei gode opplevingane for born og unge i Suldal. Ein kan dusja i ein foss, leggja ut i båt på jakt etter fisk, utfordra familien i bowling og kle seg ut som konge og dronning til forteljinga om Kvitebjørnen før ein dansar i speglsalen. Her er ei oversikt over kjekke opplevingar for heile familien.

1. Båt og fiske

I Suldal har ein ei rekkje flotte og rolege fjellvatn og fjordar som er kjekke å testa fiskarlukka i for heile familien. Ved Mosvatnet på Gullingen har ein ei brygge som ein lett kan fiske frå med flott sandstrand like ved om ein vil hiva seg ut i det friske fjellvatnet sjølv. Ein kan også leiga båt og kano frå Gullingen turistsenter om ein ynskjer seg lengre ut på vatnet. Kanskje finn de ei aude øy de kan ha som ein liten stopp på turen? Ynskjer ein å leggja ut på Suldalsvatnet ved Suldalsosen kan ein også leiga båt og kano frå Vikane Hytetun eller Energihotellet.

Hylen i Øvre Suldal og Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya er flotte stader for fjordfiske i idylliske omgjevnadar. Ved Joker Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya og frå Fjord Expedition på Jelsa kan ein leiga båt for å leggja ut i deispanande fjordarmane i området. I sjøen er det eit rikt mangfald av fiskeartar.

2. Sklie, hoppetårn og aktivitetar i Suldal Bad

På Eide på Sand finn du Suldal sitt flotte badeland: Suldal Bad. Her kan ein kose seg i timesvis med utandørs boblebad, badstove, basseng, sklie, hoppetårn og klatrevegg. Det er også ein eigen liten kafe der. Gjennom året arrangerer dei også ulike kjekke tilstelningar og aktivitetar.

3. Besøk laksen i laksestudio

Laksestudio er ei kjekk oppleving for store og små. Her kan ein læra meir om historia til laksen og sjå video som syner forskjellen på laks og aure. Nede i studioet kan ein sjølv sjå laksen og auren, og kanskje klarer du å sjå forskjellen på dei to artane etter det du har lært i utstillinga? Ein kan også prøva seg som fiskekontrollør der du får diplom om du klarer å finna alle fiskane som gøymer seg i studio.

Ope frå juni ut september.

4. Kle deg ut som konge og dronning på Nesasjøhuset

Nesasjøhuset held ope heile året med to utstllingar. I øvste etasje kan ein tre inn i Kvitebjørnforteljinga til Rasmus Løland der ein kan kle seg ut som konge og dronning, dansa i speglsalen, delta i Kvitebjørnen for å høyre historia og klatra opp i høge tårn.

Om sommaren held Ryfylkemuseet også ope musumstunet Kolbeinstveit der ein kan kle seg ut slik dei gjorde i gamle dagar, mata dyra og hjelpa til med oppgåvene på garden. Litunet og Ryfylkemuseet sine andre anlegg er også flotte opplevingar, som også kan utforskast utanom arrangement og opningstider.

5. Utfordre familien i bowling på Kulturhuset i Suldal

Kulturhuset i Suldal ligg i Sand sentrum. Her har dei bowlinghall med tre banar, der ein kan booke arrangement eller berre ein bane i opningstida. Fleire gonger i veka syner dei også kjekke filmar og ein kan ta ein tur i biblioteket for å finne noko nytt og kjekt lesestoff. Dei har også ein kafe her som det passar fint å ha med dei minste på slik at dei kan springa fritt medan dei vaksne tek seg ein kopp kaffi.

6. Fjelltur og dusj i ein ekte foss

I grendene i kommunen finn ei mange flotte og varierte turløyper som eignar seg for dei minste. Treng ein ein lettare tur eller har med seg barnevogn er løypa frå Sand sentrum over Høsebrua og vidare oppover elva via Garaneset midt i blinken. Stegåsenområdet ved Eide på Sand er også rikt på turopplevingar i variert terreng, utan at det blir for krevjande. Mosvatnet rundt og Onglanuten på Gullingen eignar seg også for dei med kortare bein. På veg ned frå Onglanuten kan ein ta seg ein forfriskande dusj i fossen om ein ynskjer!

7. På to hjul

Det er mange små vegar å utforska i Suldal, og ikkje alle er like krevjande. Turen inn til Finnvk på Ropeidhalvøya er ein flott familietur. Ved Blåsjø kan ein nyta frisk fjelluft og utsikta over Noreg sitt største damannlegg med plakatar og informasjon som fortel deg meir om naturen rundt. Med tur på Sand, gjennom Nesflaten sentrum eller på Suldalsosen kjem ein tett på kvardagslivet i bygdene.

8. Leik og aktivitet på Sand torg

På Sand torg kan borna leika og kosa seg på torget medan dei vaksne nyt noko å bita i frå dei lokale kafeane eller handlar inn det dei treng til helga. På torget er det også ofte aktivitetar og kjekke arrangement. Følg med på "Sand i Suldal" på Facebook for siste nytt.

9. Skileik og kjelkekøyring

Om vinteren kan dei minste teste ut skileik-områda på Gullingen med kulekøyring, hopp og mykje meir. Skitrekket er også eit av dei få i Rogaland med kjelkekøyring. Ved Mosvatnet har ein eiga barneløype med lys om kvelden, men ein finn også flotte turar som Langeli og lysløypa ved Fjellbergskardet.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.