Frå:
16/3/2024
10:00 am
Sand
Til:
16/3/2024
6:00 pm
dame som bakar brød
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Kortreistdagen i Suldal

Under Kortreist-dagen laurdag den 16. mars inviterer lokalmatprodusentar over heile Rogaland inn på garden. Her er programmet for Suldal!

Fattnes Vestre
Vanvik


Fattnes Vestre driver gardsbakeri i Vanvik i Suldal. Her får du rykande ferske surdeigsbrød og kanelsnurrar. På garden har dei også produksjon med sau og storfe samt skog- og sagbruk.


Under Kortreist den 16. mars tilbyr dei:
- Lokalmatutsal på «Alfred» Sauda sentrum frå 12:00-16:00. Her får du rykande ferske brød og småbakst, i tillegg til mykje anna godt.


Adresse: Skolegata 6, Sauda


Hanakamneset gard
Sandsbygda

På Hanakamneset Gard ligg idyllisk til i Sandsbygda i Suldal. Her driv Rolf Henrik og Åse Marit med ulike husdyr. Dei har spesielt  fokus på frittgåande utegris som dei foredlar til gode, spanande smakar. Dei er godt kjende  for sine gode chirozo-pølser!


Under Kortreist den 16. mars tilbyr dei:
- Ope i bakstehuset på garden frå 12:00-15:00. Her kan du kjøpe med deg smaksprøvar og fersk bakst!


Adresse: Sandsbygda 127, Sand


Hebnes vingard
Hebnes


Hebnes vingård er den første vingarden i Rogaland, og ligg på Ropeidhalvøya i Suldal. Heilt ytst i fjordgapet har dei sin eigen druehage og produksjonslokale er dei skapar Suldal sin heilt eigne vin!

Under Kortreist den 16. mars tilbyr dei:
- Open gardsbutikk med sal av druegelé og andre lokale produkt.
- Vineriet er ope frå 12:00 til 18:00. Her kan du nyte lokal drikke og snacks. Det blir også ein quiz med fine premiar.


Adresse: Hebnesvegen 1797, Hebnes

Storstova gard
Hebnes


Storstova gard ligg i fjordriket Hebnes, på Ropeidhalvøya. Her held dei storfe og 7500 verpehøns, i tillegg til at dei held på med bær og produksjon av andre råvarer.


Under Kortreist den 16. mars tilbyr dei:
- Gardsbesøk frå 12:00-16:00 med god drøs og aktivitetar ved deira døgnopne gardsutsal.
- Sal av  varm eigenprodusert vikingsuppe m/brød og fleire ulike lokalmatprodukt som egg, smakstilsatt salt og storfekjøt i form av stykningsdeler, kjøttdeig, hamburgar, kjøttkaker og meir.


Adresse: Myravegen 4, Hebnes


Fuglestein Fruktgard
Jelsa


Fuglestein Fruktgard ligg idyllisk til på Jelsa i Suldal. Her har dei 17,000 epletre, der dei foredlar eple til ei rekke fantastiske produkt som mellom anna eplemost og eplegelé.


Under Kortreist den 16. mars tilbyr dei:

- Open dag på garden og i eplehagen frå kl. 12:00- 15:00. Store og små kan få høyra  om arbeidet som skjer på ein fruktgard og korleis dei foredlar epla til ulike produkt.
- Smaksprøvar av leskande epledrikkar og noko å bita i.
- Ope gardsutsal der ein kan kjøpe med seg ulike produkt frå Fuglestein Fruktgard og nabogarden Landsnes Villsauprodukter.


Adresse: Økstrafjordvegen 1174, Jelsa.

Kortreist er eit initiativ av Gladmat, og er støtta av Suldal kommune.

Stad:
Sand
/
Arrangementet starter:
16/3/2024
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
16/3/2024
, klokka
March
Prisar:
Arrangementet starter:
16/3/2024
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
16/3/2024
, klokka
6:00 pm
Type arrangement:
Mat
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Marit Larsen
Telefon:
90684861
E-post:
marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.