Italia-reiser på 1700-tallet var openbert ein god idé, særleg for unge musikalske geni. Kveldens oppfordring er enkel: Lytt til ungdommen!
Som 14-åring skreiv W. A. Mozart ei gruppe symfoniar på Italia-reisa si (1769–71). Nr. 10 K. 74 i G-dur er i to satsar, sidan dei to første delane er forbundne med kvarandre. Verket har eit typisk italiensk preg; det er elegant, oppfinnsamt i tematikken og rikt på kontrastar.
Johann Christian Bach var den yngste av J. S. Bach sine komponerande søner. Han skreiv meir enn 90 symfoniar, ouverturar, operaer, solo-konsertar og kyrkjemusikk, og hadde ein vesentleg påverknad på den unge Mozart som høyrte han i London. Stilen til Johann Christian, kalla «London Bach», skildrast gjerne som galant eller rokokko, med innslag av «Sturm und Drang». Det er inga overdriving å seia at hans einaste moll-symfoni, den særeigne nr. 6 op. 6, peikar framover mot klassisk og romantikk.
Thomas Linley jr. blei kalla «den engelske Mozart». Han trefte også Mozart på ei Italia-reise, men døyde berre 22 år gammal. Fiolinkonserten hans fortener å bli høyrt, det same gjeld Mozarts første fiolinkonsert i B-dur (1775) der særleg den uttrykksfulle og melodiprega langsame satsen gir eit sterkt inntrykk.
Innan dette verket avsluttar konserten, får me høyre ein symfoni i Ess-dur av Josef Myslivecek, som også møtte Mozart i Italia.
PROGRAM
Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791):
Symfoni nr. 10 i G-dur, K. 74 (1770) 8 min.
Allegro
Andante
Rondeau. Allegro
Johann Christian Bach (1735-1782):
Symfoni nr. 12 i g-moll ("Sinfonia") Op. 6/6, CW C12 (1769) 13 min.
Allegro
Andante piu tosto adagio
Allegro molto
Thomas Linley jr. (1756-1778):
Fiolinkonsert i F-dur (1773) 18 min
Moderato
Moderato
Adagio
Pause
Josef Mysliveček (1737-1781):
Symfoni for 2 horn, 2 obo og strykeorkester i Ess-dur (1778-1780) 10 min.
Spiritoso
Andantino
Presto
Wolfgang Amadeus Mozart:
Fiolinkonsert nr. 1 i B-dur K. 207 (1775) 21 min.
Allegro moderato
Adagio
Presto
MEDVERKANDE
Shunske Sato, dirigent og fiolin