Mo Feriehytter
Mo Feriehytter
Lise Bjelland
Lise Bjelland
Mo Feriehytter
Lise Bjelland

Mo Feriehytter, Nedre Suldal

Fiske
Foss/elv
Konferanse
Overnatting
Eit tradisjonsrikt hyttetun tett på Suldalslågen. Garden har eige møterom for grupper og fiskerettar til elva.

Hjå Opplev Suldal og Mo Feriehytter kan du overnatte i flotte hytter på ein roleg og solrik ferieplass. Her kan du også kjøpe fiskekort til laksefisket i Suldalslågen og du kan handle i sportsbutikken som ligg på tunet. Ved det tradisjonsrike gardstunet ligg dei vertikalt delte feriehusa like ved den kjende elva Suldalslågen. Fjella kneiser majestetisk rundt og gir flotte moglegheiter for fotturar i nærmiljøet. Fiske i elv, fjord og fjellvatn er populære aktivitetar.

Berre 10 minutt unna ligg fjellområdet Gullingen med prepararte skiløyper, skitrekk og ei rekke turområde.

Mo Feriehytter, Nedre Suldal

Sesong: Heile året.


Kapasitet: 2 hytter med 7 senger i kvar hytte (+3 ekstrasenger), 1 hytte med 4 senger, 1 leilegheit med 6 senger (+1 ekstraseng).

For meir informasjon og booking besøk deira nettsider her.

Mo Feriehytter, Nedre Suldal
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.