Litlehaga hyttetun
Litlehaga hyttetun
Lise Bjelland
©Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland
Litlehaga hyttetun
Lise Bjelland

Litlehaga hyttetun, Sandsbygda

Fiske
Fjell
Overnatting
Vandring
På Litlehaga Hyttetun får du som gjest overnatte i koselege hytter, tett på lakseelva Suldalslågen. Tunet ligg med tett nærleik til kommunesenter og flotte turnettverk.

På Litlehaga Hyttetun kan du som gjest overnatte i koselege hytter, med kort avstand til kommunesenteret Sand. Tunet har til saman 5 hytter frå fire til åtte personar med nydeleg utsikt over Suldalslågen. Alle hyttene har stor terasse og utemøbler. Området er ypperleg dersom ein ynskjer å nyte fred og ro, gå tur i vakker natur, fiske eller stå på ski.

På Sand kan du få med deg opplevingar på kulturhuset, Ryfylkemuseet, handle ikoselege butikkar eller bade i nye Suldal Bad.

Litlehaga hyttetun, Sandsbygda

Sesong: heile året.

Kapasitet: 2 hytter med 3 soverom, 7 (8) senger i kvar hytte. 3 hytter med 4-6 senger i kvar.

For meir informasjon og booking besøk nettsidene deira her.

Litlehaga hyttetun, Sandsbygda
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.