Suldal Hotell
Suldal Hotell
Suldal Hotell
Suldal Hotell
Suldal Hotell
Suldal Hotell

Suldal Hotell, Sand

Overnatting
Vandring
Fiske
Konferanse
Fjell
Midt i sentrum på Sand finn du Suldal Hotell. Hotellet har gode rom med fjordutsikt, og tett nærleik til alt kommunesenteret har å by på. Dei tilbyr også konferansefasilitetar.

I hjarta av kommunesenteret

Mist i sentrum på Sand finn du Suldal Hotell. Hotellet har totalt 23 enkelt- og dobbelrom, som alle er utstyrt med bad, wifi og fjordutsikt. Hurtigbåten legg til kai berre ein kort gåtur unna hotellet og det er også ei båthamn like ved for dei som kjem båtvegen Ellers er det gode parkeringsmoglegheiter i nærleiken.

Frå Suldal Hotell har du gåavstand til alt kommunesenteret vårt ved Sandsfjorden har å tilby. På begge kantar av hotellet kan du besøke sjarmerande nisjebutikkar, og det er også eige museum, kulturhus, badestand og gode turnettverk i området. Det er heller ikkje langt å gå til badelandet Suldal Bad eller til Noregs første laksestudio ved Sandsfossen.

Mat til gjester og grupper

Hotellet har eigen bar og restaurant der dei tilbyr servering for huset sine gjester. Grupper kan også leige restauranten for selskap og andre festlege tilstelningar.

Suldal Hotell, Sand

Sesong: Heile året.


Kapasitet: 23 enkle- og dobble rom, med konferanse fasilitetar.

For meir informasjon og booking besøk nettsida deira her.

Suldal Hotell, Sand
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.