Den flotte garden på Landsnes har gått i familien gjennom mange generasjonar. I dag er det Håkon og Hanne Landsnes, saman med sonen Torstein på nabogarden, som forvaltar drifta med villsau, geit og storfe. På området har dei sett opp eigne produksjonslokale der dei foredlar produkta til mellom anna pinnekjøt, spekepølser og ei rekke andre spanande produkt. Dedikasjonen til frittgåande dyr, kvalitetsprodukt og familietradisjonar har gjort dei til ein fast leverandør til ei rekke bedrifter, husstandar og hytter i heile regionen.
Landsnes Villsauprodukt tilbyr ei rekke flotte produkt frå storfe, geit og sau, med spesialitetar som mellom anna pinnekjøt, ulike spekepølser, villsauskin og meir. Dei tilbyr også kjøt frå ulike deler av dyret der du får alt frå lammelår til steik. Dette kan du få tak i på gardsbutikken LOMA i kommunesenteret Sand og ved å kontakte dei direkte. Dei har også ein gardsbutikk saman med Fuglestein Fruktgard som held ope ved vegen som går forbi garden.