Fuglestein Fruktgard ligg tett på Økstrafjorden og Jelsafjorden, noko som gir epletrea deira gode vekstvilkår med varme dagar og kjølige netter. Deira over 17,000 epletre har røter som bygger på mange generasjonar i arbeid på garden og viktige tradisjonar, men dei har også fokus på fornying og har alltid mange spanande prosjekt på gong. I dag er garden kjend for sin gode eplemost, i tillegg til ei rekke andre nye produkt som heile tida kjem til frå garden.
Gjester har moglegheita til å koma inn på garden for å få ei omsyning i eplehagen der ein vil få høyre meir om arbeidet som skjer på ein fruktgard og korleis dei foredlar epla til ulike produkt. Det blir også rom for smaksprøvar! Ein guida tur tek omlag 1,5 timar. Les meir om bestilling på nettsida deira.
Like ved vegen som går forbi garden finn ein også eit gardsutsal der ein kan kjøpe med seg ulike produkt fra Fuglestein Fruktgard og nabogarden Landsnes Villsauprodukter.