bilde av lobby
© Ryfylke fjordhotell
bilde av lobby
© Ryfylke fjordhotell

Kurs og konferanse

Suldal, med sin storslagne natur, idylliske grender og rike lokale mattilbod, set den perfekte ramma for kurs og konferansar. Her kan ein kombinere møter og felles samtalar med besøk til lokale matprodusentar, rolege rusleturar, "team building"- aktivitetar på lokale gardar og gode, kortreiste smaksopplevingar!

 

Møte- og konferanselokale

Fleire av våre overnattingsstader tilbyr møte- og konferanselokale. Her er nokre utvalde stader:

  • Ryfylke fjordhotell har møterom i fleire storleikar, som kan tilpassast alt frå 5-300 personar. Hotellet ligg midt i Sand sentrum, der ein kan nyte servering i deira inne- og uterestaurant med panoramautsikt over Sandsfjorden. Båten frå Stavanger legg også til kai like ved hotellet.
  • På Energihotellet på Nesflaten har dei møterom til opptil 35 personar, der ein kan kombinere møteaktivitet med fantastisk fire-rettars servering i restauranten, guida omvisning i kraftbygda og andre aktivitetar i området rundt. Energihotellet kan også organisere møtelokale hjå andre tilbydarar i bygda.
  • Jelsa Hotell ligg tett på fjordlandskapet i det som ofte blir kalla den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Her kan ein kombinere møterom til opptil 35 personar med servering av lokale råvarer i restauranten, ei omsyning i den historiske strandstaden, avslappande rusleturar og besøk til lokale matprodusentar.
  • Laksegarden ved Suldalslågen, Mo Laksegard, tilbyr konferanserom med sitjeplas for 33 personar. Mo Laksegard er eit aktivitetssenter for opplevingar i og ved elva, og ei samling her kan kombinerast med besøk i gardsbryggeri, samling ved Moskjelen, villmarksleir, laksesafari, elveekspedisjon og mykje meir.
  • Den restaurerte løa på TræGården set den perfekte atmosfæra for ein stemningsfull kveld. Her serverer dei også ureist mat frå garden med produkt frå ullgris, wagyu, spælsau og villsau.
  • Løa og fjosen på Børkjenes gard, ein av dei eldste gardane i Suldal, set den perfekte ramma for ei samling utanom det vanlege. Her er det plass til totalt 100 personar.
  • Ønskjerde å arrangere samlinga ein annan stad kan også våre lokale kafear, KULP, Brunsj og Drøs, tilby catering etter dine ønskje.

Les meir om dei ulike tilbydarane under "Konferanse" ved å klikke deg inn under "Mat & Overnatting".

Team building og aktivitetar

Kanskje ønskjer de å kombinere møtedagar med nokre pusterom der ein kjem seg ut for å få nye impulsar og for å knyte band utanføre kontoret? Her er nokre forslag til kjekke aktivitetar ein kan få med seg:

  • Mo Laksegard tilbyr villmarksleir med ulike «team building»-aktivitetar og servering i lavo 
  • Bli med Mo Laksegard ut i elva, anten på laksesafari der du flyt i tørrdrakt med straumen eller i raft på elveekspedisjon
  • Kom tett på dei lokale råvarene ved å ta med gruppa på vinsmaking hjå Hebnes vingard, på omsyning i produksjonslokala hjå Suldalshonning, på besøk i bakstehuset til Fattnes Vestre eller på tur blant dei mange tusen epletrea på fruktgarden Fuglestein Fruktgard.
  • Få eit innblikk inn i historia med ei privat omsyning på Ryfylkemuseet sine mange flotte museumstun. På Litunet får de fantastisk utsikt over Hylsfjorden, på Kolbeinstveit får de historia frå ein av storgardane i Suldalssamfunnet på 1800-talet og på hovudkontoret deira i Sand sentrum kan du besøke dei faste utstillingane deira. Det er også mogleg å. leige den historiske seglskuta Brødrene af Sand! Les meir om fleire av anleggadeira på ryfylkemuseet.no
  • Nyt avslappande timar i SuldalBad, der ein kan reservere heile anlegget for grupper utanom opningstid på bestilling. Det er også fleire som tilbyr badestamp og badstove, som mellom anna Mo Laksegard, Ryfylke fjordhotell, Energihotellet og Vikane hyttetun
  • I laksesesongen juni-september kan ein besøke Noreg sitt første Laksestudio. Her kan ein avtale med eigen guide som vil fortelje dykk meir om historia rundt laksen og lågen i det som er Noreg sin største kraftkommune.
  • For dei som ønskjer seg ei oppleving på fjorden tilbyr Helgøy Skyssbåt guida turar inn den historiske Hylsfjorden på bestilling – fjorden som før utgjorde ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest i landet!
  • Kvar grend i Suldal har også eit rikt turnettverk. Forslag over turstiar finn ein under«vandring» her på VisitSuldal.no. I heia finn du også flotte turstiar, samt DNT sine turisthytter.

Organisering av turen til og i Suldal

Suldal ligg langs Nasjonal turistveg Ryfylke, to timar frå Stavanger, Haugesund og Odda. Ein kan difor enkelt koma seg til oss frå store deler av regionen. Frå Haugesund og Røldal går det buss, medan ein frå Stavanger kan ta hurtigbåten –noko som er ei stor oppleving i seg sjølv!

Suldalsbussen tilbyr bussar av ulike storleikar for dei som ønskjer at transporten til Suldal og/eller under opphaldet skal bli tatt hand om. I Suldalsbussen nyttar dei også lokale guidar som kjenner reisemålet vårt godt! Hjå ReiseTeam kan dei også vera til hjelp med å utvikle heile pakkar for deg som ønskjer at nokon skal ta seg av planlegginga av ramma for samlinga med opphald, servering og aktivitetar.

Ønskjer du hjelp til planlegginga?

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål knytt til kurs og konferanse i Suldal så kan me gi deg fleire tips tilpassa dine behov og ønskje.

 

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.