Sandsfossen
Sandsfossen © Skattkammeret Suldal Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto
Sandsfossen waterfall
Sandsfossen © Skattkammeret Suldal. Foto: Kjetil Brekke/Suldal Foto

Sandsfossen

Sandsfossen ligg ved Laksestudio i Larvika på Sand, og markerer området der Vestlandet si største elv, Suldalslågen, møter Sandsfjorden.

Fossen er eit mektig syn, og har eit fall på til saman 5 meter. Laksestudio ligg også i denne fossen. Her kan eindu gå ned i studio der du kikkar inn i femte trinn av laksetrappa for å oppleva laksen på veg oppover frå havet for å gyte. Laksestudio held ope frå mai-september kvart år. Les meir om opningstider for sommarsesongen under "Kva skjer".

Laksesesongen i Suldalslågen er frå juni til september. Kanskje er så heldig at ein får eit glimt av laksen som hoppar oppover fossen før den tek til på den lange reisa oppover elva?

Sandsfossen ligg også i gåavstand frå kommunesenteret Sand med kafear, butikkar, museum, kulturhus, badestrand og meir.

Godt tilgjengeleg: Det er parkeringsplass omlag 50 meter frå utkikkspunkt til Sandsfossen. Her er det eit ope, grusa område med noko helling.

 

Sandsfossen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(true);