Fjord mellom to fjell
© Hylsfjorden Foto: Horobets Anton
© Hylsfjorden Foto: Horobets Anton

Hylsfjorden

Hylsfjorden er ein fjordarm av Sandsfjorden. Mellom høge fjell finn du det som kansje er den best bevarte perla i fjordriket Ryfylke, med små grender, flotte badeplassar og gode fiskemoglegheiter.

Hylsfjorden har ei rik historie, og tilbake på 1800-talet danna Hylsfjorden og Hylen ei viktig ferdselsåre mellom aust- og vest- Noreg. Rikdommen som då utvikla seg i Hylen har gjort at stranda her er kjend som "Sølvkannestranda" den dag i dag. Frå Hylen kan ein ta turen opp til Hylsskardet, slik handelsmenne gjorde på 1800-talet. Her får ein flott utsikt over fjorden.

Langs fjorden finn ein den ikoniske Lingvongfossen. Ein storslagen foss som blei regulert som ein del av ei vasskraftutbygging.

Ein kan også besøke badeplassen Sandvikjå i Vanvik der ein finn flytebrygge, sitjeplassar og sandvolleyballbane. Under "Vandring" finn ein også Vanvik sitt eige turkart.

Museumsanlegget under Ryfykemuseet, Litunet, ligg også og skuar utover Hylsfjorden.

Ein kan leige kano og båt for å legge ut på Hylsfjorden. I sommarsesongen arrangerer Helgøy Skyssbåt "Hylsfjordcruise" her. Ta kontakt for gruppebestillingar utanom sesong.

Hylsfjorden
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.
console.log(true);