Bilde av Ostasteidn ved Nasjonal Turistveg Ryfylke
Ostesteidn © Statens Vegvesen. Foto: Lars Grimsby
Utsikt ved Ostasteidn ved Nasjonal Turistveg Ryfylke
Ostesteidn © Statens Vegvesen. Foto: Fredrik Fløgstad

Ostasteidn rasteplass

På vestsida av Sandsfjord bru, like etter Sandsfjord bru, finn du den spektakulære rasteplassen og utkikkspunktet Ostasteidn som er ein del av Nasjonal Turistveg Ryfylke.

I sentrum av området står den skadeskutte steinen, Ostasteidn, som med tida vil bli dekt med mose. Du finn også to flotte utkikksplassar, fleire sitjeplassar, toalett og fantastisk utsikt over Sandsfjorden og fjordlandskapet rundt. Området er tilpassa rullestolbrukarar.

Ostasteidn er inspirert av måleria til Lars Hertevig, som ofte lot seg inspirere av naturen i Ryfylke i sine verk. Den lada stemningen i Hertervig sine bilete er henta inn i arkitekturen, frå dei tidlege tunge og dystre oljemåleria til dei seinare og lysare akvarellane. Hertervig sin særskilde måte å bruka lys på og drøymeaktige landskap set også sitt preg på stoppet.

Området er teikna av arkitektkontoret KAP. I 2019 vann dei Betongelementprisen for arbeidet med Ostasteidn.

Godt tilgjengeleg: Rasteplassen er utforma etter prinsipp for universell utforming. Stiane er breie og på flatt underlag som er noko mjukt.

Ostasteidn rasteplass
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.
console.log(false);