Menneske på skiMenneske på ski
Breiastøldalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Breiastøldalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Menneske som har lunsj i snøen
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam

Hedlebrekk lysløype og skiområde

På ski
Vandring: Lett
Vandring: Middels
Vandring: Krevjande

Hedlebrekk har eit godt utval av skiturar med lysløype og moglegheiter for topptur.

Lysløypa er på tilsaman 2,5 km og går innover mot Fjellbergskardet (kategori blå). Ein kan også gjera dette til ein lengre tur på 6,5 km (kategori blå). Den meir erfarne skigåar kan legge ut på langtur frå dette området til Vaneheia fjellområde for ein 16 km tur (kategori raud) eller toppturen til Nattlandsnuten på 14 km fram og tilbake (kategori raud).

Den er flott å avslutte dagen med middag på Gullingen Turistsenter og Fjellcamping, eller med ein tur innom skileiken ved bålstua til Turistsenteret.

Ein finn Hedlebrekk skiområde ved å ta av RV13 mot Gullingen. Når ein er på Gullingen tek ein ikkje av opp mot venste til turistsenteret, men fortsett til høgre. Ein køyrer opp ein liten bakke her også ser ein parkeringsplassen på høgre side.

Hedlebrekk lysløype og skiområde
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);