I førjulstida blir det tenning av julegran og julegateopning, ein har torgdagar med sal av ei rekke gode lokale produkt, ein har kveldsope i butikkane og det er ei rekke gode arrangement og konsertar over heile kommunen. For meir informasjon om arrangement på Sand kan ein følgje "Sand i Suldal" på Facebook og Instagram.
Har du nokre gode lokale produkt som du ynskjer å selje på marknadsdagane? Ta kontakt med arrangør på post@suldalvekst.no.