Menneske på ski
Breiastøldalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Menneske på ski
Breiastøldalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam

Rundtur over Reinsheia

På ski
Fjell
Fiske

Turen over Reinsheia er på 13 km og er ein fantastisk rundtur for den meir erfarne skigåar. Her kjem ein seg riktig opp på høgheia og får følelsen av at ein har fjellet heilt for seg sjølv, med den blå himmelen over seg. Turen startar i Breiastølsdalen innover mot Sandsa. Like før den siste svingen nedover mot vatnet tek ein av mot venstre oppover rundt ein fjellknaus i kvista løype. Herifra fortsett ein i jamn stigning innover fjellet før ein startar på Bakkane nedover.

Turen er kategori raud.

Breiastøldalen ligg like over Gullingen når du tek av frå RV 13 på veg oppover fjellet. Du tek av forbi Turistsenteret og fortsett forbi skitrekket.

console.log(false);