Ungar som speler bowling
Suldal kulturhus © Skattkammeret Suldal. Foto: Jan Nordtveit
Ungar på bowling
Suldal kulturhus © Skattkammeret Suldal. Foto: Jan Nordtveit

Suldal bowling

Bowling er ein kjekk aktivitet for heile familien. På Kulturhuset i Suldal lager dei gjerne eit opplegg for deg og familien, laget ditt eller vennegjengen.

Kulturhuset har tre banar i amf-laminat, saman med ein koseleg sofakrok med tv, biljardbord og darts. Dei kan laga opplegg for deg og dine, med bowling og matservering, viss de ynskjer det. Det går også an å leiga bowlingen til arrangement utanom opningstidene og dei kan arrangera kurs i bowling.

Parkeringen til Kulturhuset i Suldal ligg ved hovudvegen ned mot Sand, på venstre side like etter avkøyring mot Bunnpris. Herifrå kan du gå opp vegen til du ser eit betongbygg. I opningstidene til Kulturhuset er inngangen til Bowlingen gjennom hovudinngangen. Utanom opningstider finn du inngangen på venstre side av bygget, ned ei trapp mot kjellarinngangen.

For bestilling, opningstider og prisar, besøk suldal.kulturhus.no.



Suldal bowling
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(false);