Mann i løypemaskin
Løypekøyring © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Mann som sjekkar skispora
Løypekøyring © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Løypekjøraren på Gullingen

I Suldalsheiane finn du ei rekke flotte skispor med utgangspunkt i Gullingen-området. Det er Løypekjøraren på Gullingen og Gull Spor AS med Bjørn Egil Nerheim som har ansvaret for desse løypene. Det er ikkje mange dagar i året du ikkje møter på hans blide andlete når du er på tur i skispora!

Informasjon om skispora

Oversikt over alle skispora i Gullingen finn du i løypekartet her på visitsuldal.no og på utvalde butikkar. I tillegg får du på denne nettsida oversikt over kva løyper som har Løypekjoraren har gått opp til ei kvar tid. Løypekjoraren legg også ut regelmessige oppdateringar på si Facebookside og Instagramside. Du finn han ved å søke etter "Loypekjoraren på Gullingen".

Skileiken

GullSpor organiserer også ein skileik fast i vintersesongen med ei rekke kjekke aktivitetar for heile familien. Når forholda tillet det er det også bemanna skileik i vinter- og påskeferie. Kvar skileiken blir lagt kjem an på snøforholda så følg med på "Løypekjøraren på Gullingen" sine sosiale kanalar for informasjon.

Legg igjen spor etter deg!

Me oppmuntrar dei som nyttar skispora i Suldalsheiane fast om å legge igjen spor etter seg ved å gi eit bidrag til GullSpor AS. Dette kan ein gjera via VIPPS til 87021 og til kontonummer. Anbefalt beløp er 500-1000 kr per sesong.

Løypekjøraren på Gullingen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(false);