På Mo Laksegard er ein tur i stampen perfekt å kombinere med deira symjebasseng, ein god og tradisjonsrik middag i lakseheimen eller ein guida tur i gardsbryggeriet. Dei har også eit eige område for grupper med serveringsområde med utsikt over elva, badstove og stamp.
På Vikane Hyttetun for ein ei storslått utsikt over Suldalsvatnet frå stampen, og kan kombinere med grilling, ein dykkert i Suldalsvatnet eller ein tur i badestua.
På Ryfylke fjordhotell kan du slappe av i badstova deira som ligg i vasskanten til Sandsfjorden. Kombiner gjerne med ein middag i restauranten, der dei også har shuffleboard og dart!