Menneske på ski
Breiastøldalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Menneske som har lunsj i snøen
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam

Mosvatnet lysløype og skiområde

Mosvatnet skiområde er eit flott turområde for heile familien med løyper av ulik lengde og vanskeligheitsgrad. Her finn ein også ei lysløype og ei eigen barneløype.

Frå skihytta ved parkeringen finn ein ei lysløype som utgjer ein fin rundtur, som gir ei flott oppleving på ski etter at sola har gått ned. Turen utgjer tilsaman 3,3 km (kategori blå), med ei barnerute som tek opp 1 km av denne runden (kategori grøn). For den meir erfarne skigåar kan ein utvida runden til ein meir krevjande tur på 7,5 km inn mot Hedlebrekk (kategori blå) eller den 8 km runden rundt Mosvatnet (kategori blå). Ein kan også ta løypa mot Vaneheia (kategori raud) eller toppturen opp til Natlandsnuten (kategori raud) frå dette området.

Avslutt dagen med ein tur innom Gullingen Turistsenter og Fjellcamping for ein god middag, eller for å leika litt i skileiken ved bålstua.

Mosvatnet skiområde finn ein når ein tek av mot Gullingen frå RV 13, og held fram opp fjellet. Ein tek ikkje av til venstre mot Turistsenteret, men held fram mot høgre 50 meter til. Då ser ein parkingsplassen ved skistova.

Mosvatnet lysløype og skiområde
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);