Kvitt trehus ved fjordenKvitt trehus ved fjorden
Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Lise Bjelland
Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Lise Bjelland
To jenter som ser ut vindauge mot fjorden
Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Lise Bjelland

Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset

Arkitektur
Kunst & handverk
Utstilling
Miljøfyrtårn

Nesasjøhuset er eit restaurert båthus som nå fungerer som hovudsete for Ryfylkemuseet sin aktivitet i heile regionen. Bygget ligg sjarmerande til ved Hydrokaien i Nordenden av Sand sentrum.

I første etasje finn ein museumskafèen der ein kan få seg kaffi, te og vaffel til fantastisk fjordutsikt som kjem så nært på at ein nesten kan dyppe foten nedi vatnet. I lokalet finn ein også musumsbutikken der ein sel lokal litteratur som bygdebøker, temabøker og mykje meir. Fleire av bøker er produsert av dei tilsette på huset og Ryfylkemuseet sjølv. Ein finn også kunst og diverse handverk av lokale kunstnarar og profesjonelle i Ryfylke.

I andre og tredje etasje kan ein få med seg følgjande utstillingar:

Kvitebjørnen (fast utstilling)

Kvitebjørnen er ei interaktiv utstilling  dei born i alle aldrar. Her kan ein kle seg ut som konge og dronning, danse i speglsalen, klatre i borga og helsa på sjølvaste Kvitebjørnen. Ein kan også høyra spanande eventyr fortalt. Utstillinga er inspirert av eit eventyr av den lokale forfattaren Rasmus Løland.

Vandreutstilling

I utstillingslokalet i andre etasje av Nesasjøhuset held ein ulike utstillingar gjennom året. På denne måten er det alltid noko nytt å oppleva på museet! Informasjon om utstillinga som står der til ei kvar tid finn du på ryfylkemuseet.no.

Ryfylkemuseet held også ei rekkje andre musumstun som Kolbeinstveit, Litunet, Røynevarden og mykje meir. I løpet av året held dei ulike tuna ope for besøk med guiding. Meir informasjon om dette kan ein finna på deira nettsider.

Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);