Mann og telt i solnedgang
Solnedgang © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Strandalen med menneske
Solnedgang © Skattkammeret Suldal. Foto: Marius Vervik.

Kortferie: Høghei & velvære

Med 5 av Rogaland sine høgaste toppar, ei rekkje flotte turisthytter og rik flora er Suldal eit perfekt val for fjellfararen som ynskjer å ha vidda for seg sjølv. I denne tredagarspakken får du utforska både vidda og fjordlandskapet som Suldal er så kjend for, før du lar dei såre beina slappe av med eit varmt bad siste dagen.

Dag 1: Ta turen til "perlå i Ryfylkeheiane": Stranddalen

Suldal er den største kommunen i Rogaland med sine 1736 km2. Store deler av dette arealet er fjell, skog og utmark. Omlag ein fjerdedel av kommunen er landskapvernområde, naturreservat og anna. Høgfjellområda i Suldal er ofte samla kalla "Suldalsheiane", og er ein del av det større området kalla "Ryfylkeheiane". Suldalsheiane er mellom anna heim til det som er den sørlegaste villreinstamma i verda. Les meir om verneområda og villreinen under sida "Berekraft".  

Første dagen på kortferien "I høgheia" startar naturlegvis med ein tur inn i Suldalsheiane. Her har Stavanger turistforening eit velutvikla turnettverk med fleire flotte turisthytter. Stranddalen turisthytte er ei av desse. Hytta blir ofte referert til som "Perlå i Suldalsheiane" og er bemanna i sommarsesongen. I denne perioden kan du nyte tre-rettars middag, kjekke arrangement og flott frukostbuffet. Du kan også koma andre tider på året når hytta er ubemanna etter føringar lagt av turistforeninga.

Turen til Stranddalshytta kan starte frå Saurdal eller frå Øvre Moen. Saurdal er ein lengre, men meir behageleg, tur. Frå Øvre Moen vil du spare tid, men det er mange meter med krevjande stigning i starten av turen. Kombiner gjerne ein tur til Stranddalen med fiske i dei mange fiskevatna i området, ein tur til fjelltoppen Napen og bading i dei mange idylliske fiskevatna. Ønskjer du ein lengre ferie kan du også kombinere turen til Stranddalen med andre flotte turisthytter. I Suldal finn du mellom anna den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, Bleskestadmoen, og Jonstølen som er ei turisthytte som har vunne pris for sitt særeigne design.

Dag 2: Frå høgfjellet til avslapping i ei sjarmerande grend

Vakne opp til herleg fjelluft og flott utsikt i høgfjellet. Legg også gjerne ut på ein tur i Suldalsheiane før du tek turen nedover mot grendesentruma våre. Frå Napen føler du at du er på Rogaland sitt tak, frå Snønuten får du utsikt over store deler av Dyraheio landskapvernområde og på veg ned frå Onglanuten kan du ta deg ein forfriskande dusj i fossen. Meir informasjon om turar i området finn du på visitsuldal.no og ut.no.

Nede i grendene våre har du ei rekke flotte hotell og hyttetun å velje mellom. Her får du ein velfortent kveld med avslapping, god mat og godt selskap. På Energihotellet kan du nyte fire-rettars middag til utsikt over Suldalsvantet og tilgang til Nesflaten sitt eige oppvarma utandørsbasseng. Ved Vikane hyttetun får de eiga hytte og kan leige privat stamp like ved Suldalsvatnet. Her kan de også leige kano og båt. Frå Mo Laksegard kan de få omvisning i deira eige gardsbryggeri og leige badstove og stamp ved Moskjelen uteområde. Frå Ryfylke fjordhotel kan de nyte eit herleg måltid med panoramautsikt over Sandsfjorden. Full oversikt over overnattingsmoglegeiter finn du under "Mat & overnatting".

Dag 3: Opplevingar tett på grendesentrum

I Suldal får du ei rekke kjekke naturopplevingar tett på grendene. Kvar einaste grend har utvikla eit eige turkart som du får gratis under "Vandring" på visitsuldal.no, hjå Suldal turistinformasjon og på utvalde butikkar. Frå Nesflaten kan du ta turen til ikoniske Nipe, frå Sand kan du ta turen til Hellandsnuten der du får utsikt over fem fjordar og frå Ropeidhalvøya kan du ta turen til Grytenuten der du ser heilt til Folgefonna. Dei tøffaste av oss kastar seg gjerne på "Nutfant" opplevinga som går ut på å kome seg opp til seks utvalgte fjelltoppar i løpet av eit år. Les meir om denne ordninga under "Vandring". Nokre tek til og med denne utfordringa på 24 timar med Nutfant24!

Utover flotte turar kan ein leige kano og kajakk for å legge ut på dei flotte fjordane og vatna i Suldal. Ein kan bli med på elverafting og laksesafari. Ein kan også besøke kjekke museumsutstillingar og få med seg gode kulturarrangement. I sommarsesongen held Noregs første laksestudio ope ved Sandsfossen.

Avslutt aktive dagar i heia med ein tur til Suldal Bad der du får symjebasseng, terapibad, utandørs jacuzzi og mykje meir, alt til fantastisk utsikt over fjordlandskapet.

Pris og bestilling?

Denne kortferien blir skreddarsydd etter behov og ønskje, og kan kombinerast med ei rekke andre opplevingar og overnattingsstader. Dette kan du utforske vidare her på VisitSuldal.no.


Ta kontakt med oss i Visit Suldal for meir informasjon og tips til ein innhaldsrik ferie i Skattkammeret Suldal.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.