Bilde av kort.
© Suldal Næringsforening.
Bilde av kort på mobil.
© Suldal Næringsforening.

Suldalsgåvekortet

Er du på leit etter den perfekte gåva? Suldalskortet opnar ei heil verd av moglegheiter! Mottakaren kan nyte herlege lokale matopplevingar, spennande aktivitetar, og ikkje minst, shopping i ei rekkje butikkar i Suldal. Alt frå leiker til den minste, klær til ny sesong, opplevingar i Suldal eller fornying heime.

Ved å velje Suldalskortet som gåve støttar du opp under lokalt næringsliv. Det digitale Suldalskortet er også enkelt å bruke, miljøvenleg og kan lagrast på mobiltelefonen for praktisk bruk.

Gå inn på Suldalskortet si landingside på IGive så finn du forslag på print i PDF.


Vil du gi gåva direkte til mottakar på mobil kan du sjølv velje tid og stad når mottakar skal få beskjed om gåva.

Du kan betale gåvekortet med betalingskort og på VIPPS.

Ønskjer du eit fysisk plastkort kan du finne tomme gåvekort på Jokerbutikkane i Erfjord, Vatlandsvåg og Erfjord, hjå Bustad. Eller ta kontakt med Suldal Næringsforening.
Har du eit tomt kort kan du enkelt fyller på sjølve på landingssida til Suldalskort.

Har du eit digitalt kort som du gjerne ville hatt fysisk tar du kontakt med Suldal Næringsforening på e-post snf@nhryfylke.no eller telefon: 90684861 så hjelper me deg raskt.

 Gåvekorta er gyldige eit år frå det tidspunktet det er aktivert.  

Desse bedriftene er med på Suldalskortet

Du kan ta i bruk Suldalsgåvekortet hjå følgjande bedrifter:

Bedriftsgåve

Eit Suldalskort kan vera den perfekte gåva eller påskjønninga!

Gje dine tilsette moglegheit til  å velje mellom ei rekkje opplevingar, butikkar og tenester i Suldal. Frå aktivitetar, til shopping, til matopplevingar og meir.

Gled dine tilsette, samstundes støttar du lokalt næringsliv med Suldalskortet.


Du får også skattefordelar og enkel massedistribusjon via e-post eller SMS. Du vel sjølv tekst og bilete på digitale gåvekort, anten det skal stå "gratulera med dagen", "god jul", eller noko heilt anna.  

Ønskjer du fysiske plastkort og/eller fakturabetaling til bedrifta? Ta kontakt med snf@nhryfylke.no eller telefon: 90684861 så hjelper me deg.
Me treng 10 dagar varsel til Suldal Næringsforening før Suldalskorta skal brukast som gåve.
Du må betale faktura før ein mottar påfyllet digitale eller fysiske gåvekort.‍

Takk for du handlar lokalt.

Vil di bedrift mota Suldalskort som betalingsmiddel?


Bli med ved å kontakta Suldal Næringsforening på e-post snf@nhryfylke.no

Suldalsgåvekortet
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.
console.log(false);