Kulturhuset i Suldal ligg flott til på ein høgde over Sand sentrum, og er eit naturleg møtepunkt for kulturopplevingar av alle slag.
Kulturhuset opna i 2002 og er teikna av arkitektkontoret Asplan Viak i Stavanger. På huset finn ein moderne kino, bibliotek, kafeen Brunsj som passar godt for heile familien, bowling og ulike utstillingar gjennom året i gallerisalen.
Det er også bygd eit lite amfi med 300 sitjeplassar bakom Kulturhuset i Suldal, mot Løhaugen, som er 1000-årsplassen på Sand. Her blir det arrangert ulike spel og arrangement.
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
By clicking «Accept», you agree to the storage of cookies. Cookies are used to improve site navigation and collect user statistics for the website to enhance content and user experience. You can manage your preferences by clicking on Preferences. Read our Privacy Policy for more information.