Inngangspartiet til Bleskestadmoen turisthytte. Frodig og grønt uteområde på Bleskestadmoen.
Bleskestadmoen © Stavanger Turistforening. Foto: John Petter Nordbø.
Bleskestadmoen © Stavanger Turistforening. Foto: Odd Inge Worsøe.

Bleskestadmoen Turisthytte

Fjell
Overnatting
Vandring

Bleskestadmoen ligg på ein frodig stølsvoll og er Stavanger Turistforening si aller eldste hytte. I tidlegare tider møttes suldøler og austmenn til hestehandel på Bleskestadmoen.

Hytta ligg to timars gange opp i frå Bleskestad. I 2001 vart gamlehytta (bygd i 1891) restaurert og sett opp i si opprinnelege form. Samtidig vart det nettopp ei heilt ny hovudhytte. I samarbeid med grunneigar vart eldhus og løe også restaurert. Bygga ligg flott til på ein stølsvoll omkransa av fjellbjørkeskog og av snaufjellet. Det er fiskemuligheitar i Bleskestadåna. Medlemskort i STF (Stavanger Turistforening) gjeld som fiskekort. Andre må kjøpe fiskekort.

Det går mange stiar til og frå Bleskestadmoen. Du kan komme nordi frå via Holmavatnhytta, Breive og Jonstøl/Mostøl. Kortaste turen er i frå Bleskestad. Ein lett rundtur kan vere å parkere bilen på Bleskestad og bestille drosje vidare til Sandvatn. Frå Sandvatn til Bleskestadmeoen tek det 2 timar. Neste dag merka løype tilbake til Bleskestad, 2 timar.   

Bleskestadmoen er sjølvbetjent hytte med matlager og tilgjengeleg heile året. Gjestene ordnar seg sjølve med matlaging, vask og rydding.

Fakta om turen:

Avstand: 5,1 km

Tid: 3 timar- ein veg

Gradering: raud ( krevjande)

Høgste punkt: 700 moh.

Tilkomst: Til Bleskestad i frå Nesflaten v/ RV 13.

Bleskestadmoen Turisthytte
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);