Picture of Røynevarden croft
Røynevarden © Ryfylkemuseet Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Picture of Røynevarden croft
Tradisjonshandverk © Ryfylkemuseet

Røynevarden husmannsplass

Like ovanfor Suldalsvatnet med nydeleg utsikt til Bråtveit og Suldalsheiane ligg husmannsplassen Røynevarden. Som husmannsplass kan bustaden daterast tilbake til ca. 1805.

Alt kan synast smått på Røynevarden, men plassen var blant dei beste i Suldal. På det jamne var det mogleg å fø to kyr, fem geiter og nokre sauer. Poteter vart dyrka til husbruk og korn vart sådd på dei mange åkerlappane. Høy blei slått og samla i liane og i heiane.

Det er i alt seks hus på Røynevarden; to stovehus, løe, sauhus, geithus og eldhus. Den eldste stova, røykstova, eller rotastova som ein seier i Suldal, er truleg frå 1820-åra. I denne stova budde det folk like til 1893, men då familien blei for stor fekk ungane sova på sauhuslemen. Plassen vart sjølvstendig småbruk i 1915 og fråflytta i 1946.

Røynevarden ligg langs riksveg 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten. Det går ein sti opp frå vegen (ca. 200 m). Ta med nistepakka og nyt den flotte utsikta over Suldalsvatnet.

Informasjon om opningstider finn du på ryfylkemuseet.no.

Røynevarden husmannsplass
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);