Skilt som viser vegretning til forskjellege punkter.
Kvanndalen Sti og Hytte © Stavanger Turistforening. Foto: Per Henriksen.

Kvanndalen Turisthytte

Kvanndalenturisthytte ligg på ein flott stølsvoll i flotte Kvanndalen.

Hytta er Stavanger Turistforening si nest eldste hytte, som vart bygd i 1898. Hytta er lita og enkel, men likevel sjarmerande. Kvanndalen vart tidlegare rekna som den beste stølsdalen i Suldal, og stølane låg på begge sider av vassdraget.

Dalen er veldig frodig med Kvanndalselva som slynger seg i rolege buar og trange stryk som går gjennom heile dalen. Elva fristar både til bading og fiske. Medlem i STF ( Stavanger Turistforening) har gratis fiske med stang i elva. Frå Kvanndalsdammen tek det berre 1-2 timars gange inn til hytta. Vil du utforske heile Kvanndalen bør du starte i frå Haukeliseter. Då tek turen ca. ni timar gjennom storslått natur. Hytta eignar seg ikkje til vinterbruk.

Hytta har ikkje proviantlager, så du må bære med deg den maten du treng. Kvanndalen er ubetjent og tilgjengeleg heile året. Om du tek turen utanom sesonen ta kontakt med tursenteret for å sjekke om bruene er klare. Det er etablert heilårsbru som går til Holmavatn/Sandvatn og Bleskestadmoen.

Hytta har totalt 14 overnattingsplassar der det er 4 senger og resten er madrassar på hems/golv. Du betalar ved å fylle ut betalingsfullmakt som ligg på hytta eller ved å laste ned DNT-appen før avreise.

Om du bruker hytta som base så er det fint å ta ein dagstur over brua ved Tronggjo og gå utsiktsstien opp og få flott utsikt ned mot Kvanndalsvatnet. For dei litt sprekare kan ein også anbefale Trollskeinutane med høgder på over 1600 meter. Kvanndalen har merket Sjumilsstøvelen- les meir om dette her: https://www.stf.no/sjumilstvelen/

Fakta om turen:

Avstand: 3,9 km, Tid: 2 timar , -ein veg

Gradering: middels ( blå)

Høgste punkt: 700 moh.

Tilkomst: Ved Roalkvam eller Kvanndalsdammen ved Nesflaten.

Du kan også komme til Kvanndalen via Haukeliseter eller Jonstølen, sjå meir her: https://ut.no/hytte/101036/kvanndalen

Kvanndalen Turisthytte
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);