Bilete av Holmevasshytta
Holmavatn © Stavanger Turistforening. Foto: Kjell Helle-Olsen.

Holmevasshytta Turisthytte

Holmevasshytta er Stavanger Turistforening si høgast liggjande hytte, på 1130 meter. Hytta ligg ein dagsetappe i sørover frå Haukeliseter, eller ei halv dag i frå Sandvatnet i Suldal (På ruta mellom Bleskestadmoen og Holmavatnet).

Hytta ved Holmavatnet ligg flott til på dei vide Fidjaflatene med flott utsikt over Holmavatn. Her gjekk den tidlegare ferdseslvegen mellom Roalkvam og Flothyl. Holmavatn er sjølvbetjent hytte med proviantlager og er tilgjengeleg heile året.

Du kan velje å sove i hovudhytta eller annekset like ved. Det er 20 sengeplassar i hytta, og 6 senger i annekset. Me gjer merksam på at Holmevatn er stengd dei to første vekene i reinsjakta kvart år. Ta kontakt med tursenteret i StavangerTuristforening dersom du har spørsmål. Betalingskjer ved betalingsfullmakt. Eller last ned DNT- appen før avreise.

Tilkomst om sommaren er via merka løype frå Haukeliseter til Holmevatnhytta (6 timar), Vidare er det også merka ruter til Kvanndalen, Bleskestadmoen og delsvis merka til Sloaros. Det vert kvista til/frå Haukeliseter i skulevinterferie, til Sloaros blir det kvista 1.mars og vidare til Bleskestadmoen til påske.

Du kan velje å sove i hovudhytta eller annekset like ved. Det er 20 sengeplassar i hytta, og 6 senger i annekset. Me gjer merksam på at Holmevatn er stengd dei to første vekene i reinsjakta kvart år. Ta kontakt med tursenteret i StavangerTuristforening dersom du har spørsmål. Betalingskjer ved betalingsfullmakt. Eller last ned DNT- appen før avreise.

Medlemskort i DNT gjeld som fiskekort på Rogalands sida av Holmavatnet og nedover langs Bleskestadåna inkludert Sandvatnet og Litlavatnet. Andre må løyse fiskekort som finnes på inatur.no. 

Holmevasshytta Turisthytte
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);