Picture of girl drinking water in the stream
© Skattkammeret Suldal Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto

Pilegrimsruta frå Suldal til Røldal

Fjell
Vandring: Krevjande

I mellomaldaren var Røldal ein av Noregs viktigaste pilegrimsdestinasjonar, berre slått av Nidarosdomen. Turen går i flott terreng gjennom Suldal.

Å leggja ut på pilegrimsvandring er enkelt. Langs dei pilegrimsstiane som er etablerte kan ein når som helst gå åleine eller saman med familie og vener. Alle kyrkjer er heilage, og dermed eit pilegrimsmål. Ved å la ei eller fleire kyrkjer bli turmål kan du laga eigne pilegrimsvandringar og tradisjonar.

Pilegrimsvandringa frå Suldal til Røldal startar ved Nesflaten, der ein følgjer skilta frå Engjaland over til Botnen. I Mokleiv, ein gard som tidlegare låg under Røldal kyrkje, arrangerer dei også regelmessig turar der ein også får ein tur innom det kjende Olavsseglet. Les meir her.

 

Fakta om turen:

Tid: 4 timar

Avstand: 10 km

Kategori: Krevjande (raud)

Høgste punkt: 1100 moh

Tilkomst: Med bil til Nesflaten

Pilegrimsruta frå Suldal til Røldal
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);