NesflatenNesflaten
Nesflaten, Foto: Dag Jenssen
Nesflaten, Foto: Dag Jenssen
Nesflaten
Nesflaten, Foto: Dag Jenssen

Rusletur tett på kraft og vatn på Nesflaten

Vandring
Nasjonal Turistveg Ryfylke
Bubil og camping
Næring
Vandring: Lett

På rusletur gjennom bydga Nesflaten får ein med seg flott grendekultur og rik arkitektur. Flott utsikt over Suldalsvatnet er eit høgdepunkt.

Nesflaten er eit verna område grunna sin spesielle arkitektur som kom til som eit resultat av kraftutbygginga Røldal-Suldal på 1960 talet. Einebustadar på Kilen, kraftstasjonen og Energihotellet har tydeleg funksjonalistisk stil der betong, minimalisme og flate tak bryt med den typiske vestlandsarkitekturen.

Følg vegen forbi skulens leikeplass, forbi symjebassenget og til den gamle trebrua. Frå brua kan du gå inn til Granden som er ei lita øy i elva, som er spesielt kjekk for borna å leike på. Vegen er lett framkomleg og passer fint for rullestol og gåstolar.

Fakta om turen:

Tid: 30 min

Avstand: 3 km

Kategori: Lett (grøn)

Høgste punkt: 70 moh

Tilkomst: Med bil til Nesflaten.

Godt tilgjengeleg: Denne ruta er godt tilrettelagt med brei veg på asfaltert eller grua veg, i tillegg til ei brei bru. Området er flatt, og har ikkje store variasjonar i stigning.

 

Rusletur tett på kraft og vatn på Nesflaten
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);