Utsikt over dalføre med elv
Utsikt frå Fisketjønsvardane mot Osen © Skattkammeret Suldal. Foto: Jakob Roalkvam
Utsikt over dalføre med elv
Utsikt frå Vinjanuten mot Nærheim/Moe/Vasshus/Førland © Skattkammeret Suldal. Foto: Jakob Roalkvam

Vinjanuten - orkesterplass til Ryfylkeheiene og Suldals-dalføret

Vandring: Ekspert

Vinjanuten med Prestastølen, Øvrestølen, Fisketjønsvardane og Glompadalen er ein fullverdig dagstur i minst tre variantar (ref pkt 3.1, 3.2, 3.3 nedanføre). Toppen byr på vel 1000 høgdemeter med fleire utsiktspunkt i alle retningar i Indre Ryfylke: Mot Folgefonna og Skaulen i nord, mot høgfjella aust i Suldal med Breifonn, Mælen, Snønuten og mot sør Såta, Napen, Gullingen og Skarnuten. Med ein god kikkert er det råd å sjå utover fjordane mot Stavanger på ein klar haustdag.

Turen kan ta til frå vest i Mehushaugen eller frå austsida frå Suldalsosen eller Veka (langs skogsverksvegen via Longhaug) med retur same veg ein kom opp eller ned att på motståande side av nuten. Rutene frå begge sider byr på fine rasteplassar og utsiktspunkt undervegs. Utsiktspunktet Fisketjønsvardane fortener å nemnast særskilt og vert lettast nådd opp frå bensinstasjonen på suldalsosen. Hugs å ha med niste, kikkert og kledeskift (minst ein ekstra tørr overdel) i sekken. Temperatur og vindtilhøve kan avvike mykje frå dalbotnen. Tursesong er primært frå slutten av mai og ut oktober, evt november dersom snø og is ikkje har lagt seg mot toppane.

Delar av desse rutene med endepunkt Prestastølen/Breidastølen eller Gunntveitåsen går i barskogsterreng og kan gjennomførast på 2 – 3 timar. Sjå pkt 3a og 3 b nedanføre.

Alternativ 3.1: Vinjar Skule/Mehushaugen – Prestastølen – Øvrestølen – Vinjanuten med retur same veg.

Følg merka sti frå parkeringsplassen i Mehushaugen vestover gjennom beiteområde. Stien vender snart bratt mot nord gjennom eit granfelt. Etter ein god del høgdemeter på ein steinlagt sti når ein Neraleite – ein høveleg første rasteplass med god utsikt mot Vinje/Suldalsosen. Herfrå går turen på ein noko lettare sti i blandingskog forbi Øvre Leite og i skråning ovafor den idylliske Nyastøltjørna. Etter å ha runda Torkelsnuten på høgre hand og kryssa bekken, møter ein neste naturlege rasteplass som er Breidastølen/Prestastølen (550 m.o.h.) der Idrettslaget har lagt ut turbok. Herfrå går turen bratt opp bjørkelia mot Øvrestølen som ligg i skoggrensa (730 m.o.h.) med godt utsyn mot sørvest. Stigninga vidare opp til Vinjanuten på 1105 m.o.h. går i snaufjellterreng med flott utsyn over dalen mot sørvest. Her er terrenget nokså «einvega» og stien gjer mange svingar, så det lønar seg å ha augo på merkinga oppover.

·      Tid: 6-7 timar,

·      Avstand: 11 km

·      Gradering: Svært krevjande (svart)

·      Høgste punkt: 1105 moh

·      Start: Frå parkeringsplass ved Vinjar skule eller ved enden av bilveg i Mehushaugen

·      Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Vinjar skule/Mehushaugen.

Alternativ 3.2: Suldalsosen – Gunntveitåsen – Glompo – Glompadalen – Fisketjønsvardane – Vinjanuten med retur same veg.

Frå austsida av bensinstasjonen på Suldalsosen følgjer du skogsveg bak bustadfeltet forbi Tjødnarbotnen og opp til vegkryss. Der følgjer du merka sti vidare mot Gunntveitåsen. Midt i furuskogen i Tømmerdalen er det stidele der begge alternativa er skilta mot Gunntveitåsen. Dei to rutene møtest ved inngangen til Glompadalen (725 m.o.h) og går vidare som ein sti mot Fisketjønsvardane og Vinjanuten, den vestre via Kruko og deretter bratt opp til venstre mot Glompo/Glompadalen. Litt ovanom vegdele på Kruko er det nytt vegdele vestover som avstikkar (ca 1 km) mot utsiktspunktet Tinden og austover opp til Glompo. Den austre ruta går via Gunntveitåsen (turbok 415 m.o.h.) og held fram ned på myrane bak åsen i retning Veka-åna og skogsvegen mot Longhaug. Vinjanut-stien følgjer vestsida av å-juvet bratt oppover eit godt stykke før han kryssar og følgjer merka sti i blanda furu- og bjørkeskog mellom dei to vestre bekkene som renn saman i Vekaåna lenger nede. Stien passerar aust for vestre inntak til Veka kraftverk og er straks over skoggrensa på ca 700 meter. Nå er det kun ein kort men bratt stigning forbi ein fin «insta-vennleg» badekulp med foss til stien går i rolegare terreng over Glompo og inn Glompadalen mot Fisketjønnsvardane (905 m.o.h.) Ved sistnemnde er det ny turbok og panoramautsikt i alle himmelretningar unntatt mot nord. Særleg er utsikta over dalføre frå Kvilldal til Førland spektakulær og vel verdt ein lengre rast og pust i bakken. Med ein god kikkert følgjer du kanskje ein fotballkamp på banen i Prestavikjo, ein   laksefiskar i ein av dei mange hølane i Lågen eller ein gjeng motorsykkel-entusiastar i fint driv opp eller ned dalen. Etter kvilen skulle beina vere klare for dei siste 200 høgdemetrane opp mot den store varden på Vinjanuten (1105 m.o.h.). Stien går her i bratt snaufjell, men utan vanskelege klatreparti.

·      Tid: 6-7 timar,

·      Avstand: 11 km

·      Gradering: Svært krevjande (svart)

·      Høgste punkt: 1105 moh

·      Start: Lettaste veg: opp skogsvegen frå austsida av bensinstasjonen, alternativt (på skogssti opp frå austsida av Coop sitt lagerbygg. Dei to vegane møtest i vegkryss ovanfor Tjødnarbotnen med skilt Gunntveitåsen 1,7 km.  

·      Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Suldalsosen (Ved Coop-butikken eller bensinstasjonen 0,5 km lenger aust)

Alternativ 3.3: Rundtur med start frå Vinjar skule (opp som alternativ 1 – ned som alternativ 2) eller frå daglegvarebutikkane på Suldalsosen (Coop/Joker). (Opp som alternativ rute 2, ned som alternativ rute 1).

I begge tilfeller må du ha krefter att til vel 1 km til fots tilbake til utgangspunktet langs sykkelstien mellom butikkane og Vinjar Skule. Rundturalternativet gir den største «avkastninga» av høgdemetrane i form av mange ulike synsinntrykk.

·      Tid: 7 timar,

·      Avstand: 12 km

·      Gradering: Svært krevjande (svart)

·      Høgste punkt: 1105 moh

·      Start: Opp skogsvegen frå austsida av bensinstasjonen på Suldalsosen eller frå Vinjar Skule via Mehushaugen

·      Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Vinjar skule eller Suldalsosen (Ved Coop-butikken eller bensinstasjonen 0,5 km lenger aust)

3a Gunntveitåsen

Frå austsida av bensinstasjonen på Suldalsosen følgjer du skogsveg bak bustadfeltet forbi Tjødnarbotnen og opp til vegkryss. Der følgjer du merka sti vidare mot Gunntveitåsen. Midt i furuskogen i Tømmerdalen er det stidele der begge alternativa er skilta mot Gunntveitåsen. Den vestre ruta over Kruko er lettare å gå enn den austre, men noko lengre. Der stien flatar ut ved Kruko passerast stidele der stien mot venstre held fram mot Tinden og Vinjanuten medan stien rett fram/til høgre går på høgre sida av myrdrag mot Gunntveitåsen som er endepunkt på denne turen. Den austre ruta går bratt opp og etterkvart langs eit bekkedrag til myrområdet nedanfor Gunntveitåsen der stien møter den vestre ruta att under skrenten som må forserast/klatrast opp til turboka på Gunntveitåsen. Før siste klatreskrent til toppen kan ein ta til høgre og gå ca 100 m til eit utsiktspunkt mot dalen/Suldalsosen. Tilbaketuren kan vere langs same ruta som oppturen eller den andre ruta mot Tømmerdalen.  

·      Tid: 2 timar,

·      Avstand: 5 km

·      Gradering: Middels (blå)

·      Høgaste punkt: 415 moh

·      Start: Opp skogsvegen frå austsida av bensinstasjonen eller Coop Lagerbygg på Suldalsosen

·      Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Vinjar skule eller Suldalsosen (Ved Coop-butikken eller bensinstasjonen 0,5 km lenger aust)

3b Prestastølen/Breidastølen

Følg merka sti frå parkeringsplassen i Mehushaugen vestover gjennom vekselvis beiteområde og blanda skogsterreng. Stien vender snart bratt mot nord gjennom eit granfelt. Etter ein god del høgdemeter på ein steinlagt sti når ein Neraleite – ein høveleg første rasteplass med god utsikt mot Vinje/Suldalsosen. Herfrå går turen på ein noko lettare sti i blandingskog forbi Øvre Leite og i skråning ovafor den idylliske Nyastøltjørna. Etter å ha runda Torkelsnuten på høgre hand og kryssa bekken, møter ein Breidastølen/Prestastølen (550 m.o.h.) der Idrettslaget har lagt ut turbok. Retur same veg som opp.

·      Tid: 3 timar,

·      Avstand: 6 km

·      Gradering: Krevjande (raud)

·      Høgste punkt: 560 moh

·      Start: På asfaltert veg frå Vinjar Skule eller kjør/sykle til snuplass i Mehushaugen

·       Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Vinjar skule (eller Mehushaugen snuplass)

Vinjanuten - orkesterplass til Ryfylkeheiene og Suldals-dalføret
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);