@ VisitSuldal
@ VisitSuldal

Rundtur i Skuteheia

Rundturen i Skuteheia er ein triveleg tur i småkupert terreng gjennom flotte stølstrakter ved Gullingen. Følg vegen gjennom hyttefeltet inn mot Stavastølen til eit skilt som viser inn til venstre. Etter ein liten stigning opnar landskapet seg.

Turen går gjennom vegetasjonsrike bjørkelier og lynghei. Undervegs passerer ein ein liten støl i Storedalen, før eit nytt platå tek deg inn til Såtevatnet og Svartavatnet der auren vakar. Her passar det med ein liten pause — og kanskje eit bad — før du tek til på ein liten stigning opp til Skuteheia.

Her får landskapet meir høgfjellspreg med spreidd fjellbjørk og ope landskap. Skutevatnet passerer du på sørsida, og stien leier deg like forbi den godt vedlikehaldne Skutestølen. Etter eit kort stykke begynner nedstiginga til Stavastølen, og det siste stykket av turen går på veg som fører deg tilbake til startpunktet.

For dei som har augo med seg og tek seg tid til å utforska litt utanfor hovudstien, ventar kanskje ein ekstra overrasking — eit mystisk steinmønster bygd av steinar direkte på fjellheia. Fleire spiralar er samanvovne til eit større mønster. Kven som har laga det og kvifor, er ikkje godt å seia. Det ligg der berre — stille og gåtefullt i det opne fjellandskapet.

Avstand: 8,4 km
Tid: 3 timar
Gradering: Middels (blå)
Høgdemeter: 297Turtype: Rundtur
Sesong: Mai – september
Parkering: Ved Mosvatnet, Gullingen
Tilkomst: Ta av frå RV 13 til GullingenMerking: Merkt løype
Fiske: Gode fiskemoglegheiter — hugs fiskekort
Bandtvang: 1. april – 1. november

Rundtur i Skuteheia
Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

Mat & overnatting

dame som serverer kaffi

Drøs, Sand

Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!

Person som serverer mat til gjest

Kulp Bistro, Sand

Opplev ekte smakar på Kulp Bistro, Sand: Nyt lokale delikatesser, heimelaga middag, og kanskje kan det freista med ein burgar? Perfekt for familie og venner.

Jelsa hotell

Jelsa Hotell, Jelsa

Opplev Jelsa Hotell i Ryfylke: Moderne komfort i historisk strandstad. Nyt lokale matskattar og unike opplevingar ved fjorden. Bestill ditt opphald no!

Bilde av hotell ved fjordkanten

Ryfylke Fjordhotell, Sand

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, eit perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktivitetar. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevingar!

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);