Minnesmerke
Georg Fjellberg © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim
Minnesmerke og rasteplass
Georg Fjellberg © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim

Georg Fjellberg minnesbautaen

Utkikkspunkt

Flott utsikt og god lokalhistorie møtest ved Georg Fjellberg bautaen langs vegen mellom Jøsenfjorden og Gullingen.

Georg Fjellberg var ein av mange som ofra livet for heimlandet under den andre verdskrigen. Han deltok i mobiliseringa i Røldal i 1940 og fekk ordre om åta vare på fleire gevær. Desse gøymde han i heia ved Fjellberg. Motstandsmiljøet i Stavanger fekk kjennskap til våpena og i 1941 blei fleire frå dette miljøet arresterte. Under avhøyr fekk tyskerane veta om våpenlageret til Georg. Han blei arresert saman med 15 andre og sendt til Oslo i november 1941. Det blei dødsstraff, og den 29. desember vart den 33 år gamle Georg Fjellberg i lag med 10 andre skotnepå Platmyr i Nannestad. Etter krigen samla sambygdingar og vener i vide krinsar pengar og reiste minnesbautaen.

Like bak bautaen får du flott utsikt over Hjorteland, Fjellberg og Ulladalen.

console.log(false);