Guggedalsloftet er originalt frå Guggedalsgarden i Bråtveit, men blei flytta til Kolbeinstveit av Ryfylkemuseet. Stabburet sto også ein periode i Stavanger som en del av eit planlagt regionalt museum, men blei flytta tilbake då treverket ikkje tålte klimaendringa. På Kolbeinstveit står stabburet som ein fin del av eit større museumstun der hovudhusa er frå 1850-talet.
Om sommaren kjem Kolbeinstveit til liv med dyr og vertskap i tradisjonelle klede. Vertskapet tek deg gjerne med på ein guida tur for ei innføring i byggas rike historie. Les meir på ryfylkemuseet.no.