Personar som går i strandstad
Jelsa © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Picture of Jelsa
Skulemuseet © Ryfylkemuseet Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Jelsa – Ryfylkes best bevarte strandstad

Jelsa er Ryfylkes best bevarte strandstad, og har blitt kåra til den mest idylliske staden i Rogaland. Her kan du spasere blant gamle nabolag og kvite trehus. Det er også ei flott badestrand her ein kan nytte om sommaren.

Kultur og historie

På Jelsa finst det i dag eit koselig miljø av småhus frå 1700-tallet. På Jelsa var det gjestgiveri og handel frå slutten av 1600-tallet og kyrkjestad frå 1200-tallet. Frå 1855 kom Jelsa på rutekartet til dampskipstrafikken i Ryfylke.

Den nåværande kyrkja er i renessansestil og var ferdigstilt i 1647. Kykja blei laga av dåtidas beste handtverkerar. Flere endringar er gjort i seinare tid. På 1950-talet fekk ein tilbake deler av den gamle innvendige utsmykkinga. Ikkje langt frå sentrum av Jelsa ligg den freda prestegarden.

Skulehuset, den Riibergske skule, blei bygd i 1774 med midler frå ei stifting oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Marcille Riiberg var brordotter til Jelsapresten Mentz Blix. Ho budde ei stund hjå farbroren sin på Jelsa. Marcille må ha vore ei rik dame. I 1751 kjøpte ho både Jelsa og Sand kykje. Skulen var både ein barneskule for borna på Jelsa, men i tillegg fekk også to ungdommar om gongen ha gratis opplæring ved skulen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skole ut lærarar i Ryfylke, men i 1820 ble skulen lagt ned av økonomiske årsakar. Barneskulen haldt fram i huset til starten av 1900-tallet. Etter initiativ fra personalet ved Jelsa skule, blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i perioden 1974-1983. I dag er det Ryfylkemuseet som driftar skulehuset som eit museum. Kyrkja og skulehuset har felles omsyningar faste dagar i sommarsesongen (sjå meir i arrangementskalenderen under "Kva skjer"). Utanom sommarsesongen kan grupper kontakte Jelsa Hotell.

Opplevingar og aktivitetar

Ved å ta den kulturhistoriske løypa på Jelsa kan ein læra meir om den rike historia til staden. Ein kan også utforske flotte turstiar. Kart får ein under "Vandring" her på visitsuldal.no, ved utvalde butikkar og ved Suldal turistinformasjon. I 2022 fekk Jelsa også si eiga dagsturhytte som ligg på Kvilehaugen.

Jelsa har også fleire badestrender, eige hotell, tilbod om båtutleige og guida padleturar via FjordExpedition og nokre av dei beste jordbæra i regionen: Jelsa jordbær.

Godt tilgjengeleg: Området i Jelsa sentrum er godt tilgjengeleg med breie, asfalterte vegar. Trapper ved inngong til kyrkje og skulemuseet kan gjera dette noko utfordrande. I turkartet for Jelsa har ein også ruter som er godt tilrettelagte.

Jelsa – Ryfylkes best bevarte strandstad
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);