Suldalsvatnet
Suldalsvatnet © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen.
Suldalsporten
Suldalsporten © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen.

Suldalsvatnet

Suldalsvatnet er 30 km lang og strekk seg Roalkvam til Suldalsosen. Det er også ein av dei djupaste innsjøane i Noreg med gode moglegheiter for å fange aure.

Vatnet har historisk sett vore ei hovudfartsåre som har knytt saman fjordområda med fjellområda. Fram til 1885 gjekk det ein dampbåt som tok passasjerar over vatnet. I 1930-åra gjekk det ei ferje i rute mellom Nesflaten og Solheimsvik. Etter at Ulla-Førre utbygginga blei vegnettet utarbeida langs vatnet og det var ikkje naudsynt med ferjer lenger.


Ein kan skaffa seg fiskekort for vatnet på  og ein kan leiga båt og kano frå Vikane Hyttetun.

Ved Suldalsvatnet finn ein også populære stopp som museumstunet Kolbeinstveit, husmannsplassen Røynevarden og det spanande designhotellet Energihotellet. På vegen oppover dalen anbefaler me ein stopp ved Suldalsporten der fjella former seg som ein port på kvar side av Suldalsvatnet.

Godt tilrettelagt: Deter fleire fiskeplassar langs vatnet som er godt tilgjengelege. Dette er mellom anna ved Nesflaten kai der ein har ein stor, asfaltert kai som går tett på vatnet. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Suldalsvatnet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
console.log(true);