Finstove på Håland
Håland © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Hålandsnuten ovanfrå
Håland © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Hålandstunet

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Utstilling

Håland har alltid vore ein av hovudgardane i Erfjord, og blir drifta av Ryfylkemuseet. Stovehuset på Håland er det best møblerte og utstyrte av dei antikvariske bygningane til Ryfylkemuseet. Her får ein eit innblikk i korleis livet var på storgarden, og korleis dei betre stilte i bygdesamfunnet hadde det. Mellom 1640 og 1740 var Håland lensmannsgard og tingstad i fleire periodar. Anlegget er restaurert, og består i dag av dei tre bygningane målastova, homannsbua og stovehuset.

Ein av dei gjævaste gjenstandane i Ryfylkemuseet si eige er Hålandsbibelen eller Kong Christian den IIIs bibel frå 1550. Det er spesielt at eit eksemplar av denne første danske bibelomsetjinga kom til Håland, og at me har lukkast med å ta vare på den. Bibelen vart funnen bakom panelet i den eine stova på Håland då det skulle leggjast inn elektrisk straum i 1913. Her kan den ha vore i fleire hundre år før han vart funnen att. I dag kjenner me berre til at det finst 35 eksemplar av denne bibelen i Noreg, av desse er 5 i Rogaland. Bibelen ligg i dag på magasin.

Følg med på Ryfylkemuseet sine sider for opningstider og arrangement.

For å besøkja praktgarden Håland tar du av frå riksveg 13 i Hålandsosen mot Østerhus. Over brua tar du til venstre.

Hålandstunet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
console.log(false);