Minnesmerke
Torstein av Heimnes © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim.
Minnesmerke
Torstein av Heimnes © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim.

Torstein av Heimnes

Bautastein på Hebnes til minne om Torstein av Heimnes, kong Håken Håkonsson sin freste rådgjevar i krig og fred. Den blei reist i 2002 av Grendeutvalet for Ropeidhalvøya, med støtte frå Suldal kommune, Ryfylkefondet og SR-bank på Sand.

Torstein er kanskje den største høvdingen som er levd i Ryfylke. Han var Håkon Håkonssson sin merkesmann, og bar kongen sitt merke i krig. Høvdingen frå Hebnes var avgjerande i slaget i Oslo i 1240 då Håkon Håkonssen nedkjempa hertug Skule og gjorde det slutt på den 100 år lange borgarkrigen i Noreg.

Også lenge før Torstein var Hebnes eit område der det budde mektige personar. Ikkje minst viser det seg ved dei mange gravrøysene (40-45 finst i dag), inkludert den største i Ryfylke. Fleire av dei fem-seks storhaugane kan vera frå bronsealderen for 3500-2500 år sidan. Dei fleste av haugane er nok frå jernalderen (2500-1000 før no). Bak bautasteinen ser du sju av desse gravrøysene, samt eit naust frå jernalderen.

Godt tilrettelagt: Torstein av Heimnes bautaen står på eit stort, ope og asfaltert område som er lett tilgjengeleg.

Torstein av Heimnes
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);