Laks
Laks © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Laksefiske
Laksefiske © Skattkammeret Suldal. Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto

Suldalslågen

Suldalslågen er vestlandet si største elv, og strekk seg over 22 km frå Suldalsvatnet til Sandsfjorden. Suldalslågen har ikkje eit veldig stort fall, men smyg seg roleg gjennom Suldalsdalen før den endar i Sandsfossen på Sand.

Suldalslågen har vore ei kjelde til både store moglegheiter og usemje i Suldalssamfunnet over fiskerettar og reguleringar. På 1800-talet var fiske i elva så stort at lågen nesten var tom for laks. På denne tida kom engelskmannen Walter Archer, ein ivrig amatørfiskar, til Suldal og fekk forhandla til seg rettane for heile fisket i elva, samstundes som han forbydde garn og kommersielt fiskeutstyr. Etter dette har Suldalslågen vore ei populær elv for sportsfiske. Den dag i dag finn ein lakseslott langs elva som minnar om denne tida.

Suldalslågen er i dag ei anerkjend lakseelv, spesielt kjend for å vera ein stor laksestamme der rekordlaksen var på heile 34 kilo! Heile elva er laksegåande og byr på gode og varierte fiskemoglegheiter. Ved Sandsfossen kan du også besøka Laksestudio der du kan gå ned i femte trinnet i laksetrappa for å sjå laksen på veg opp elva. Verten i studio deler gjerne informasjon om laksestammen Salmo Suldal og korleis den har prega Suldalssamfunnet.

Elva er regulert etter Suldal-Røldal utbygginga og Ulla-Førre utbygginga, og har minstevassføring. Dette gjer at det er gode fiskeforhold gjennom heile sesongen.

Mo Laksegard tilbyr ei rekkje aktivitetar i elva som mellom anna Laksesafari og Elverafting.

På sida til Norske lakseelver kan du også finna meir informasjon om reglar i forhold til fiske i elva.

Godt tilgjengeleg: Fleire grunneigarar har tilretelagte fiskeplassar lagt elva. Ta kontakt med oss for meir informasjon. Det er også flotte stopplassar som er tilrettelagte langs elva med god utsikt. Dette er mellom anna ruta Sand Safari og turmoglegheiter langs elva frå Suldalsosen (sjå turkart for Sand og Suldalsosen).

Suldalslågen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(true);